100 % økologisk mjølkeproduksjon i Oslo

04.05.2012
Endelig. Bygdøy Kongsgård har blitt økologisk, og Oslofolk kan skryte på seg 100 % økologisk mjølkeproduksjon i sjølvaste hovudstaden. Dette skal feirast!

Økologisk frukost på Kongsgård

Feiringa på Kongsgården starta med ein smakfull og variert økologisk frukost i dag, fredag 4.mai. Mat- og landbruksminister Lars Peder Brekk, fylkesmann Valgjerd Svarstad Haugland, og byråd for samferdsel og miljø Ola Elvestuen var spesielt invitert til markeringa av Kongsgårdens omlegging til økologisk.

 

Ein drivkraft for modernisering

- Frukosten markerar Kongsgården som eit mønsterbruk og ein drivkraft for modernisering, opna direktør ved Norsk Folkemuseum Olav Aaraas med i sin velkomsttale. Me lovar dei å vere gode og aktive ambassadørar og økologisk og miljøvennleg landbruk, fortsett han.

 

100 % økologisk mjølkeproduksjon i Oslo

Berre nokre minutt utanfor sentrum av hovudstaden kan folk oppleve kulturlandskap, sjå biologisk mangfald strutte fram og kikke inn til kyr og kalvar som gir mjølk til fleire tusen Oslo-borgarar.

- Det er luksus å kunne lære om økologi og landbruk på søndagsturen, sa Landbruks - og matminister Lars Peder Brekk, og snakka varmt om viktigheita med nærleik til landbruket. Etter frukosten var det ut i fjøset for mjølke saman med 4H, før han reiste vidare til Kongen med ei flaske fersk økomjølk i handa.

 

God støtte frå det offentlige

Med god støtte frå Landbruks - og matdepartementet, Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Statens Landbruksforvaltning har Kongsgården Bygdøy blitt godkjent som økologisk mjølkebruk.

 

Opent for alle på søndag

Feiringa av Kongsgården hald fram på søndag, med open dag for alle. Her er noko av det som vil skje:

Økologisk feiring på gårdstunet med kuslepp og ope melkefjøs! Ponniridning, potetsetting og hopping i høyet. Hels på griser, sauer, kaniner, kyr og kalver.

 

Oikos: lær hva økologisk betyr.

Vital Analyse: livet i jorda - se i mikroskopet!

Birøkterlaget: bikube og honningproduksjon.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus: smoothie-sykkel.

TINE: konkurranse, økologiske smaksprøver, besøk kalvene.

Salg av økologisk iskrem, brødmat og kaffe.

 

Tidsplan

11.00 Omvisning i melkefjøset

11.30 Omvisning i melkefjøset

12.00 Kuslepp

13.00 Omvisning i melkefjøset

13.30 Omvisning i melkefjøset

14.00 Forskjellen på økologisk og konvensjonelt landbruk. Foredrag ved Oikos

14.30 Omvisning i melkefjøset

15.00 Melkingen starter. Åpent på galleriet.

15.30 Omvisning i melkefjøset

 

Kort om Bygdøy Kongsgård

Bygdø Kongsgård omfattar ca 2000 dekar. 740 dekar er dyrka mark der det produserast fôr til husdyra. Ein del av arealet er beitemarker. Garden har 60 mjølkekyr, 90 kalvar, 30 sauer og 25 hestar. Les meir.

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere