20 tonn økoost, pizza og yoghurt fra Hemsegarden

22.07.2009
Stort trøkk og nye økoprodukt frå Hemsegarden. Dei leverer ost til økopizzaen "Lokale Helter", og har no starta å levere økologisk yoghurt til Scandic-hotella.

Bildet: Hemsegarden produserer no både økologisk ost og yoghurt - biletet er frå deira heimeside

20 tonn økologisk ost

Hemsegarden produserer 20 tonn ost i året, og fem-seks tonn av dette skal gå til den nye økologiske pizzaen.

 

Biletet: Frå ysteriet på Hemsegarden - biletet er frå deira heimeside

 

No også med økologisk yoghurt

I tillegg har Hemsegarden byrja å lage økologisk yoghurt, som dei mellom anna leverer til hotell i Scandic-kjeden. 

-Dei er då ein av dei første lokale leverandørane av økologisk yoghurt som Oikos kjenner til.  Når det gjeld Scandic-hotella ser det ut til at dei har dei tatt innersvingen på store Tine, som så langt har vore einaste store norske produsent av økologisk yoghurt, seier Reidar Andestad, dagleg leiar i Oikos.  Oikos gratulerer Hemsegarden med leveranseavtalen og ønskjer dei kreative driftarane lykke til!

 

Pizzaen "Lokale helter"

Pizzaen er førebels i to variantar. Ein med pepperoni og ein med cherrytomat.

 

Pizzaen har ingrediensar frå lokale småskalaprodusentar.

 

1. februar vart dei to fyrste pizzaene lansert under varemerket «Lokale Helter». På toppen ligg vellagra fjellost frå Hemsegarden ysteri i Hemsedal.

 

 

Bildet: Norsk økologisk pizza Lokale Helter - bildet frå http://www.lokalehelter.no/

Fleire lokale økoprodusentar står bak

Mannen bak den nye pizzaen, småbrukaren Eilef Gran frå Stange i Hedmark, er oppteken av alternativ, sunn og lokal mat. Og den skal vere norsk. Kjøtet på pizzaen kjem frå Flisa. Pepperonien og lauken frå Stange. Cherrytomatane er frå Re. Pizzabotnen frå Stokke, og det steinmala mjølet er frå Spydeberg.

 

 

Bildet: Økologisk pizza Lokale Helter - ikkje på elggrill, men på elgrill - biletet frå http://www.lokalehelster.no/

Pizzaen er fri for tilsettingsstoff - og paprika.

 

Pakka i ein enkel og miljøvenleg emballasje er den likevel prisa ein del høgare enn billigvariantane. Ein kan finne pizzaen i frysediskar hjå daglegvareforretningane Ultra, Centra og i enkelte Meny-forretningar, i tillegg til hjå Jacob`s. NorgesGruppen har satsa stort på den økologiske pizzaen.

 

Det er Hemsegardens sveitsiske ystar Fabian Widmer som har laga den prislønte fjellosten som kan lagrast i opp til to år. På pizzaen er osten riven.

 

Øyafestivalen selger i år den økologiske pizzaen.

 

 

Les heile saka hjå Hallingdølen, kor vi har henta informasjonen frå.

 

Her finner du informasjonen frå Hemsegarden - kor bilda til teksten er henta frå.

 

Er du sulten på økologisk pizza - Lokale Helter - så les du meir her

Annonsører

Samarbeidspartnere