5,5 mill til økologisk rådgjeving

25.01.2011
Norsk Landbruksrådgiving er tildelt 5,5 mill frå Statens Landbruksforvaltning til veiledningsprosjekt innen økologisk landbruk i 2011, skriv Bondebladet. Anne Kristine Rossebø og Kjersti Berge er i full gang med å planlegge aktivitetane. Økoplan blir eit viktig tiltak i 20111.
- Vi har stor tru på at Økoplan blir eit viktig og nyttig verktøy framover for god økologisk drift i Norge, seier Jon Magne Holten, fagsjef landbruk i Oikos - Økologisk Norge.

Norsk Landbruksrådgiving kurser seg i rådgjevingsmetodikk for å følge opp veiledningsprosjekt for økologisk bønder med vekt på Økoplan. Her er prosjektleiar Anne Kristine Rossebø til venstre og foredragsholder Solvejg Horst Pedersen fra Dansk Landbruksrådgiving til høgre. Foto: LR.

Nyttig kurs i Økoplan og rådgivingsmetodikk

Solvejg Horst Pedersen frå Vidensenteret (Dansk Landbrugsrådgivning) hadde to svært interessante og lærerike dagar med tema rådgivingsmetodikk, skriver lr på sin heimeside.

- Solvejg kan me anbefale å bruke vidare. Ho har kunnskap, energi og sjarme, seier Anne Kristine Rossebø i Norsk Landbruksrådgiving, som var kursansvarleg saman med Kjersti Berge.

 

Til saman 33 rådgjevarar var samla på kurset på Gardermoen, 12.-14. januar.

Først dag var via Økoplan, som no tek over for Driftsbeskrivelsen som grunnlagsdokument for omlegging og økologisk drift. Rådgjevarar i Norsk Landbruksrådgiving tilbyr gardbrukarane hjelp i arbeidet med Økoplan.

 

 

Sjå bilder og meir informasjon hos Norsk Landbruksrådgiving. Link http://www.lr.no/nyhetsarkiv/2011/8043

 

Første del av denne saka er frå Bondebladet, resten er fra heimesida til Norsk Landbruksrådgiving.

Annonsører

Samarbeidspartnere