7 gangar større sal av snacks enn av økomat

01.10.2009
Dei store norske produsentane av søtsaker og snacks hadde eit samla overskot på rundt ein halv milliard kroner i 2008. Tal frå Nielsen Norge viser at det blei selt sukkervarer, snacks og sjokolade for 7,5 milliardar kroner frå 14. september i fjor til 13. september i år i norske daglegvarebutikkar, skriv Vårt Land. -Dette er tankevekkande for oss som jobber for sunn og miljøvenleg mat, seier Reidar Andestad i Oikos. Det vart i Norge selt økologisk mat for 1 milliard i 2008.

Maarud potetgull er Norges største snacksprodukt i følge http://www.norskmat.com/. Potetgull Salt er omdøpt til Potetgull Classic Salt. Dette fordi det er denne alle forbinder med den klassiske chipsen. 
 

Vekst på 10 %

Det er 10,5 prosent meir enn tilsvarande periode for eit år attende. I tillegg kjem det som blir selt i kioskar og på bensinstasjonar.

 

Også vekst på mineralvann

I løpet av 2009 viser også tal frå Bryggeri- og drikkevareforeningen at omsetnaden for sukkerhaldig brus har økt med 1,7 prosent i forhold til i fjor og at det i løpet av dei 8 fyrste månadene blei det selt 218.431 liter brus med sukker i Norge - noko som utgjer fleire hundre millionar kroner.

 

 

Mat i farta

Annechen Bugge, forskar hos SIFO (Statens institutt for forbruksforsking) har nyleg avslutta prosjektet "Mat i farta" som fokuserte på kjappmat.

- Det er ungdom som kjøper mest mat i farten. Dei har ikkje så mykje pengar og står valet mellom ein bollepose til 20 og ein salat til 60 kroner, veit vi kva dei stort sett tek, held Bugge fram.

 

Meir for pengane

Det er i dag vanleg at jo meir du kjøper av ei vare, dess billigare blir det per stykk. Og store porsjonar gir deg meir for pengane enn små porsjonar.

Bugge viser til undersøkingar som viser at få ønskjer seg store eller større porsjonar av usunn mat.

- Likevel ser vi at folk kjøper meir, legg ho til i intervjuet med avisa Vårt Land.

 

Her er oppslaget i Vårt Land 30.09.09 

Annonsører

Samarbeidspartnere