8 år med økologisk mat på Øyafestivalen

11.08.2010
11.-14.august vert det arrangert festival i Middelalderparken i Oslo. I år igjen vil Øyafestivalen i Oslo servere økologisk mat til sine artistar, frivillige og publikum. - Øyafestivalen har den mest gjennomførte økologiske profilen av alle dei største festivalane i Noreg, og har eit stort engasjement for dette, seier Marte von Krogh, prosjektmedarbeidar i Oikos. På festivalen skal Oikos vere til stades, med presentasjon av økologisk kjøkenhage og smoothiesykling.

Øyafestivalen - eit foregangseksempel

Øyafestivalen ønskjer å vere eit foregangseksempel for deg som forbrukar, næringslivet og andre arrangørar. - Dette klarer dei å vere. Med nærmare 100 % økologisk mat på alle fat, og ei brei satsing på miljø, viser dei at det er mogleg å gjennomføre eit miljøvenleg arrangement, seier von Krogh, som har vegleia festivalen for å finne fram til den økologiske maten. Oikos har samarbeidd med Øyafestivalen i 8 år for å finne gode løysingar for økologisk matservering og informasjon om økologisk mat og landbruk på arrangmentet. Øyafestivalen vert kvart år godkjent av Debio for servering av økologisk mat, og dei er også Miljøfyrtårn-sertifisert.

Økologisk kjøkenhage og smoothiesykling

Gjennom samarbeidet med Øyafestivalen har Oikos stand på festivalområdet. Her informerer vi om satsinga til festivalen og spørsmål knytt til økologisk mat og landbruk både nasjonalt og internasjonalt.
Nytt av året er ein mobil kjøkenhage:


Mobil kjøkkenhage

Og ein smoothiesykkel:



Smoothiesykkelen vil vere i gong mellom kl 14-15 torsdag til laurdag, og her kan du altså sykle din eigen økologiske smoothie. Bruk energi for å få energi!


Miljødebatt – Oslo grøn hovudstad?

På Øya skjer det mange spanande arrangement i tillegg til konsertar. Oslo skal vere ein av verdas mest bærekraftige og miljøvenlege hovudstadar, og på Hafslunds stand torsdag 12. august kl 13.00 – 14.00 kan du få med deg debatt om nettopp dette.
I panelet finn du byrådsleiar Stian Berger Røsland (H), miljøbyråd Jøran Kallmyr (FrP), tidlegare miljøvernminister Guro Fjellanger (V), stortingsrepresentant og leiar av Oslo AP, Jan Bøhler samt dagleg leiar i Zero, Einar Håndlykken.


Du kan lese meir om Øyafestivalen og deira miljøsatsing her og her.


For meir info om Oikos si vegleiing for arrangørar, kontakt Marte von Krogh: marte@oikos.no


Annonsører

Samarbeidspartnere