Årets leverandør av økologiske produkt 2012

15.06.2012
No er tida inne for å kåre "Årets leverandør av økologiske produkt". Vi inviterer publikum til å komme med forslag på gode kandidatar til kåringa. Prisen skal delast ut under Den Norske Matfestivalen i Ålesund i august.

 

Den Norske Matfestivalen i Ålesund, Fylkesmannen i Møre og Romsdal ved landbruksavdelinga og Bioforsk Økologisk står for utdelinga av prisen "Årets leverandør av økologiske produkt".

Det er publikum som bestemmer kven som skal nominerast, og vi håpar at mange kjem med gode forslag på verdige kandidatar.
Ein jury sett saman av personar frå ulike organisasjonar vil vurdere dei ulike kandidatane, og prisvinnaren blir kåra under Den Norske Matfestivalen i Ålesund 22. - 26. august.

Eit særs viktig poeng i den økologiske satsinga er å få dei økologiske varene som blir produserte ut til forbrukarane. Difor er det interessant å få fram kandidatar som sel økologiske varer i hovudsak gjennom daglegvarehandelen.

Dette er det åttande året prisen vert delt ut. Tidlegare prisvinnarar er Rørosmeieriet (2005), Trygve og Erna Sundt (2006), Godt Brød (2007), Tine BA (2008), Balholm AS (2009), Økodrift Homlagarden AS (2010) og Grøstadgris AS (2011).


Statens landbruksforvaltning finansierer prisen, som er eit flott diplom og eit vakkert bilete.

Statuttar for "Årets leverandør av økologiske produkt":

Prisen skal delast ut til ei bedrift eller ein person som produserer og sel, eller på annan måte forhandlar økologiske produkt. Prisvinnaren eller prisvinnarane skal gjennom arbeidet sitt ha vist at han/ho forstår heilskapen i den økologiske tankegangen. Produktleveransane skal være profesjonelle og sikre, og halde ein høg standard. Produkta skal i hovudsak seljast gjennom daglegvarehandelen.

Juryen som skal vurdere forslaga som kjem inn, har medlemmer frå følgjande organisasjonar:
·     Debio
·     St Olavs Hospital
·     Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/landbruksavdelinga
·     Oikos
·     Bioforsk Økologisk

Forslag til kandidatar kan sendast til MagnaTorvund.Bergem@fmmr.no
Frist for å komme med forslag er 22.juni 2012.

Annonsører

Samarbeidspartnere