ADHD knytt til bruk av insektmiddel

06.06.2010
Bruk av insektmiddel kan auke risikoen for å få barn med ADHD, i følgje ein studie utført i USA og Canada. Det er vanleg å finne restprodukt av insekt- og plantevernmiddel i urinen til amerikanske barn, men hos barn med ADHD viser det seg at mengda er mykje større enn hos andre, i følgje ein studie som er publisert i siste utgåve av legetidsskriftet Pediatrics, skriv Gennytt.

 Utløysar spøytemiddel ADHD?  Nokre forskarar hevder nå dette og ber derfor om meir forskning på dette området  i følgje Gennytt. Bilde fra USA.
 

 Lenke til artikkelen i Pediatrics her

 

90 % av soyaen er genmodifisert

Bruk av GMO i landbruket fører til auka bruk av sprøytemiddel. ("Genetically Engineered Crops and Pesticide Use in the United States: The First Nine Years" av Chuck Benbrook), og i USA er over 90 prosent av soyaen genmodifisert. Dei amerikanske bøndene nyttar no meir sprøytemiddel på dei tre mest populære genmodifiserte kulturane mais, soya og bomull, enn på tilsvarande vanlege kulturar.

 

 Fare for effekt og ved små konsentrasjonar

- Det er stadig større frykt for at desse insektmidla kan vere relatert til ADHD. Vår studie understrekar at det kan stemme sjølv ved låge konsentrasjonar av stoffa, seier forskar Marc Weisskopf ved Harvard School of Public Health til Reuters

 

Artikkel her

 

40 sprøytemiddel med organofosfat i USA

Stoffa det er snakk om er organofosfat, som vert nytta i vanlege insekt- og plantevernmiddel. Heile 40 insektmiddel med organofosfat er registrert for bruk i USA.

 Her er bilde av et soyafelt i Brasil.

 

Ein svensk leiande ADHD-ekspert, professor Christopher Gillberg, meiner at undersøkinga viser trongen for meir forsking på samanhengen mellom miljøgifter og ADHD.

 

 

- Dette er ein stor og grundig studie som syner at vi ikkje lenger kan lukke auga for at det finst ein samanheng. Miljøgifter kan være ein utløysande faktor, sjølv om arvelege faktorar avgjer risikoen for å få ADHD, seier han til Svenska Dagbladet

 

Her kan du lese merpå sak hos ABC Nyhter 

 

 

 Denne og fleire andre GM-saker finn du i Gennytt - sjå under Ren Mat på Oikos siden.

 

 

 Fanatic Cook - her finn du ein artikkel  om effekter sprøytemiddel kan ha på barn.

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere