Amble gård med best eplemost på Vestlandet

09.10.2009
Den økologiske eplemosten frå Amble gård på Kaupanger stakk av med både første- og andreplassen i tevlinga om å verta den beste eplejusen på Vestlandet. Storprodusenten Lerum havna på 3.plass, skriv Sogn Avis.

 

Sogningane gjorde reint bord då den beste eplejusen på Vestlandet skulle kårast.

 

Gull og sølv til Amlbe gård

 

Ingebjørg Heiberg og Amble gård på Kaupanger stakk av med dobbeltsiger i konkurransen om å laga vestlandets beste eplejus.  Oikos gratulerer!

 

Det var under den årlege Siderfestivalen i Øystese at kåringa fann stad. Heile 21 produkt var med i konkurransen, elleve av dei frå Sogn og ti frå Hardanger.

 

Discovery gav best smak

Gildast av dei alle etterpå var nok Ingebjørg Heiberg ved Amble gård på Kaupanger, som stakk av med både første- og andreplass. Gullmedaljen gjekk til den økologiske juicen laga på eplesorten Discovery, medan sølvet gjekk til jusen som er laga av økologiske Idunn-eple.

 

Her er Amble Gård med frukttrær - eget bilde.

 

Eplemost

- Kjempemoro, rett og slett, ein kan vel ikkje seia anna. Det er sjølvsagt veldig moro å koma så høgt opp i konkurranse mot store produsentar som til dømes Lerum, men no er det jo ikkje slik at me konkurrerer. Me driv i ein heilt annan skala, men det er verkeleg kjekt å sjå at me har god kvalitet samanlika med dei store, så som Lerum og Balholm, seier Heiberg.

 

Teksten over er utdrag frå oppslag i Sogn Avis, les heile saka.

Annonsører

Samarbeidspartnere