Amerikanske legar slår GMO-alarm

08.06.2009
Genmodifisert mat utgjer ein alvorleg helserisiko og det bør kome eit mellombels forbod, er konklusjonen til The American Academy of Environmental Medicine (AAEM). Det medisinske akademiet meiner at det er ein klar samanheng mellom GM-mat og helse. Dette rapporter Gennytt.

Uønska helseeffekt

- Legar ser at GMO har uønska helseeffektar på pasientane sine, men treng hjelp til å vurdere kva verknader GMO har på ulike sjukdommar, til å stille dei rette spørsmåla, sier Dr. Jennifer Armstrong, president AAEM.

Rapporten meiner det er prov for at GMO utgjer ein alvorleg helserisiko innan mellom anna toksikologi, allergi, reproduktiv helse og stoffskifte.

 

Bildet: Frå film om Monsanto

Erfaring frå dyreforsøk

- Fleire dyreforsøk har vist at genspleisa mat skadar ulike organ i kroppen. Med dei prova vi no har, er det avgjerande med eit moratorium på GM-mat for tryggleiken til pasientane våre og den offentlege helsa, seier Dr. Amy Dean, informasjonsleiar og styremedlem i AAEM.

AAEM vil no ha eit moratorium mot all mat som inneheld GMO inntil ein har gjennomført langsiktig testing av all eventuell helserisiko og innført merking av GM-mat.

- Legar må ha nok kunnskap til å fortelje pasientar, resten av helsestellet og samfunnet korleis dei skal unngå genmodifiserte produkt, seier Dean.

 

Her finn du heile rapporten frå AAEM 

 

Denne informasjonen er hentet fra siste nummer av Gennytt

 

Inga avlingsauke med GMO

GMO-avlingar vert ikkje større enn andre avlingar, er konklusjonen i boka "Failure to yield", som har analysert effekten av genmodifiserte plantar i USA i praksis sia 90-talet. Det potensielle avlingsnivået for GMO, under dei beste føresetnadene, kan vere høgare enn for konvensjonelle plantar. Men forsøksresultata i praksis viser at det ikkje har vorte nokon reell avlingsauke.

 

Meir informasjon

 

Fleire GMO-nyheter i Gennytt

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no

Annonsører

Samarbeidspartnere