Arbeider for klimamerking av mat

03.02.2011
Klima og økologi er på dagsorden i våre naboland, og Oikos – Økologisk Norge arbeider for at klimakrav skal bli ein del av merkeordninga for økologiske produkt her i Noreg. I Danmark skal 24 økologiske garder bli meir klimavennlige, og i Sverige skal KRAV-merket framover garantere for både økologi og for eit betre klima. - Oikos - Økologisk Norge arbeidar for at me i Noreg skal ha to nivå på økologisk merking av mat, seiar daglig leiar Reidar Andestad.- Eit nivå på EU-standard og eit på ein høgare standard slik som KRAV i Sverige held på å etablere, der klimakrav inngår saman med fleire andre tilleggskrav innan miljø og energi.

Det nederlandske selskapet EOSTA går i spissen for klimamerking av frukt i Europa.  -Oikos - Økologisk Norge støtter arbeidet til økologimerket KRAV i Sverige på å innarbeide klimakrav i kriteria for økologisk godkjenning, seier Reidar Andestad.  Foto: EOSTA 

 

Svenske husdyr blir meir klimavennlige

 

KRAV, som er Sverige si merkeordning for økologisk landbruk, har laga eit høyringsutkast for nye og meir klimavennlege husdyrreglar.  Dette vert nå drøfta i Oikos - Økologisk Norge som organiserer økologiske bønder og forbrukere.

 

KRAV vil blant anna redusere energiforbruket forbunde med transport ved å auke sjølvforsyningsgraden med fôr til storfe, sau og geit frå 50% til 70%, større kontroll på fôrforbruket skal oppnåast ved at bonden årlig må rekne ut gapet mellom planlagt og reelt forbruk av fôr. For å redusere klimagassutslepp foreslår KRAV kortare levetid for slaktedyr, med 19 månadar for oksar og 25 månader for kviger og stutar.  

 

 

Danmark målar og reduserar klimagassutslepp

 

I Danmark utarbeidast det klimahandlingsplanar for 24 økologiske produsentar, kor ein målar utslepp av klimagassane CO2, metan og lystgass. Basert på tala frå målingane utarbeidast det tiltak for å redusere utsleppa. Prosjektet gjennomførast av Økologisk Landsforening og Økologisk Rådgivning Gefion, og baserar seg på eit hollandsk program tilpassa danske forhold.  

 

Økologisk Landsforening har også laga ein klimastrategi med fleire ambisiøse og konkrete tiltak, kor fossil energi skal fasast ut og økologisk dyrka jord skal binde meir CO2.

 

Norsk klimaløft

 

- Noreg treng eit klimaløft som ein del av ”økoløftet”, meinar Reidar Andestad i Oikos – Økologisk Norge. Ulike rapportar om økologisk landbruk visar positive resultat i høve til klimagassutslepp, blant anna grunna fråvær av kunstgjødsel og sprøytemiddel. – Ein bør difor også i Noreg tenkje meir heilskapleg når det gjeld miljømerking av økologiske produkt. Eg trur ikkje, med dagens merkejugel, at det er smart å gå inn for eit eige merke for klimavenlegheit, det bør vere eit merke som famnar breiare, seiar han.

 svanemerket

Svanen eller Ø-merkingen bør gå foran

Det er det nordiske miljømerket Svanen eller Økomerkingen til KRAV  som bør ta denne ballen og inkludere klimakravene i dei øvrege miljøkrava ein stiller til produkt og til produksjon. Landbruks- og matnæringa har eit klimaansvar og det viser KRAV at dei prøver å ta på alvor. Dette er ikkje lett. Framlegga til klimakrav til landbruket som KRAV jobbar med vil vekke stor debatt også i vår organisasjon, seier Reidar Andestad. Men kven tør seie at det ikkje er behov for dette?

 

   

Oikos sitt klimaprosjekt med vekt på klimavennlig landbrukspraksis

Oikos - Økologisk Norge har ei utredning om klima og økologisk landbruk av Berit Swensen og Jon Magne Holten. Den vert i år fulgt opp med ei rekke informasjonsmøte for økologiske bønder for at dei skal velgje mest mogleg klimavennlig driftsform. For tida er det foredragturne om dette i Trøndelag.

 

Les om KRAVs forslag når når det gjelder klimaregler og her alt som  gjelder husdyr

 

Les meir om økologisk landbruk og klima

Annonsører

Samarbeidspartnere