Argentina: GMO drep menneske og miljø

19.10.2010
Ti år med genmodifisert soya og massiv bruk av sprøytemiddel har mangedobla tilfella av kreft og medfødde misdanningar på dei argentinske landsbygda, melder Gennytt. - Mitt inntrykk er at mange rådgjevarar og fagfolk innan landbruket ikkje ser alvorleg på konsekvensar som sprøytemidlet glyfosat kan ha, seier Reidar Andestad i Oikos - Økologisk Norge med bakgrunn av problema i Argentina.

Bildet over er fra soyadyrkingsfelt i Argentina. 

Gigantisk eksperiment

Argentina er eit gigantisk eksperiment i dyrking av GMO og bruk av ugrasmiddel med glyfosat. I 2009 vart GM-soya planta på 19 millionar hektar - over halvparten av det dyrka arealet i landet, og sprøyta med 200 millionar liter glyfosat. Sprøytinga vert ofte utført med fly. Allereie i 2002 melde professor Andrés Carrasco ved universitetet i Buenos Aires frå om at noko svært alvorleg var i ferd med å skje i landbruksområde med massiv bruk av ugrasmiddel. Sia då har situasjonen berre vorte verre.

 

No har Carrasco offentleggjort forskingsresultat, som viser at glyfosat fører til  misdanningar i frosk- og kyllingfostre ved langt mindre dosar enn det som vert nytta til GMO-åkrane

 

- Funna i laboratoriet er kompatible med misdanningar observert hos menneske som er utsett for glyfosat under svangerskapet, seier Carrasco.

 

Denne figuren viser utviklingen av soyadyrking i Argentina.

 

http://www.i-sis.org.uk/argentinasRoundupHumanTragedy.php

 

Kva seier norske ekspertar om Glyfosat

Mattilsynet har kome med eit brev om dette i 2004.  Det kan du lese her.

 

Her kan du lese meir om GMO-satsinga i Argentina og konsekvenser av den.

 

Det meste av denne saka er frå siste nummer av Gennytt.  Sjå om Gennytt under Ren Mat på Oikos-sida

Annonsører

Samarbeidspartnere