Balholm med velfortent økopris

27.08.2009
På Matfestivalen i Ålesund vart årets økopris gitt til frukt og bærepresseselskapet Balholm i Sogn og Fjordane. -Dei har skapt ein stor vekst i produksjonen av økologisk frukt i Sogn og har gjort ein framifrå god jobb med produkt og marked. Oikos gratuler stort med ein velfortent pris, seier dagleg leiar Reidar Andestad.

Årest leverandør av økologiske produkt

 

Balholm AS vart i dag tildelt prisen "Årets leverandør av økologiske produkt 2009" under Den Norske Matfestivalen i Ålesund.

Fruktmostprodusenten Balholm AS vart tildelt prisen under "Daglegvaredagen" på den Norske Matfestivalen i Ålesund. Medeigar og styreleiar i Balholm, Rune Haug, tok imot prisen.

Det er Bioforsk Økologisk, Møre og Romsdal fylke ved landbruksavdelinga samt Den Norske Matfestivalen som deler ut prisen, som er finansiert av Statens landbruksforvaltning.

Bildet over et eit FRP-eple, det er ikke økologisk godkjent og blir derfor ikke brukt i produksjonen hos Balholm


Juryen si grunngjeving:

Balholm har vorte bygd opp og utvikla over lang tid med sterkt fokus på økologiske produkt. Juryen har lagt stor vekt på at dei økologiske produkta til Balholm er tilgjengelege i daglegvaremarknaden i store delar av landet.

 

Balholm har samarbeidd med andre produsentar for å auke leveransen av økologiske råvarer til bedrifta. Dei har òg eit godt samarbeid med fagmiljøet når det gjeld utvikling av råvarer, vidareforedling og distribusjon.

 

Balholm har sterkt fokus på å ta vare på næringsstoffa i produkta fram til forbrukar. Dei økologiske produkta i drikkesegmentet er ernæringsmessige gode produkt, sunne og ikkje tilsett sukker. Produkta viser også at Balholm har fokus på design og produktpresentasjon.

 

Nytenking gjennom satsinga på produktutvikling, design og distribusjon, samt eit målretta salsarbeid, har resultert i sterk auke i salet dei siste par åra. For å få til denne satsinga har Balholm vore med på å byggje alliansar mellom forsking, rettleiingsteneste, dyrkarar og foredling, og slik styrka det økologiske fruktmiljøet i Sogn.

 

Her kan du kjøpe Balholm

Balholm AS leverer fruktmost til daglegvarehandelen gjennom Norgesgruppen og Ica. Du finn Balholm i Godt Brød sine bakeriutsalg.  Grossistar som forhandlar produkta er Karl Heyfte, T.M. Måkestad og Sverre Johnsen.

 

Meir om Balholm:   http://www.balholm.no/

 

Denne saka har vi henta frå Møre og Romsdal fylke si heimeside.

Annonsører

Samarbeidspartnere