Bama vil satse på økologisk frukt og bær

09.12.2014
Etterspurnaden etter økologiske matvarer aukar raskt. Bama vil vere med på å møte den aukande etterspurnaden, og det med norsk økologisk frukt og bær, skriv Føregangsfylket for økologisk frukt og bær i ei pressemelding.

Volumet av norsk økologisk frukt er enno lite, men det er aukande. Dyrkarane som no produserer økologisk er dyktige, og kan med moderne tettplantingar produsere mykje pr daa.

Treng fleire økodyrkarar

Men skal volumet opp på det nivået som Bama ser for seg at dei treng, må det fleire dyktige økodyrkarar til. Produksjonen må fleirdoblast.

Det er viktig at marknaden og omsettingsledda er med i planlegging av nye plantingar frå starten av. Saman med dyrkarar, fruktlager og Føregangsfylket for økologisk frukt og bær vil Bama utarbeide ein handlingsplan for auka produksjon av økologisk frukt og bær. Planen skal omfatte volum, fruktslag, sortar og produksjonsområde.

Sikker prognose

Skal Bama kunne planlegge og selje må det vere gode prognosar for avling inneverande år, 5 år fram i tid, 10 år fram i tid og så vidare. Ein handlingsplan for auke i volum framover må byggje på sikre prognosar for kor mykje ein kan forvente ut frå tretal, planteår, plantesystem og snittavling. Føregangsfylket for økologisk frukt og bær har initiert eit prosjekt der målet er å etablere eit prognoseverktøy som tek utgangspunkt i historiske data, plantingar og feltmålingar inneverande år.

Produktutvikling og sal

Økologisk eplejuice er etterspurd, og eple som ikkje held klasse 1 kan verte god juice. Alt av eple som derimot held klasse 1 bør i framtida kunne seljast som økologisk. Bama ynskjer å selje eit større segment av det som vert produsert som økologisk frukt og bær i dag, både for å kunne tilby eit større varespekter og for å auke innteninga. Nye pakningar med andre storleikar og som rettar seg mot nye kundegrupper kan vere vegen å gå.

God dialog med både bønder og grossistar

- Oikos ynskjer å bidra til at fleire bønder får god informasjon om moglegheitene som ligg i den auka etterspurnaden. Me vil helst at så mykje som mogleg av dei økologiske produkta som vert selt i Noreg skal vere dyrka i Noreg, sier seniorrådgjevar Maiken Pollestad Sele. Ho trur det er på høg tid å satse meir på produksjon no framover, ikkje berre på marknadsarbeid. - Skikkeleg informasjon, god dialog med både bønder og grossistar og ikkje minst god rådgjeving og oppfylging til bøndene er viktig, meiner Sele. Ho tenker også at god dialog og erfaringsutveksling med Sverige og Danmark kan bidra til meir produksjon her i landet, både av frukt, bær og andre produkt. - Ein skal ikkje undervurdera deling av kunnskap og inspirasjon frå andre, både innanlands og utanlands, det vil me gjerne bidra med, avsluttar ho.

Annonsører

Samarbeidspartnere