Bayer dømt i USA for spreiing av GMO-ris

08.01.2010
Rettssaken mot Bayer i USA, der frøselskapet vart dømd til å betale to millionar dollar i erstatningar til bønder som har fått åkrane sine ureina med GM-ris, kan få enorme konsekvensar. Bayer har innrømma at dei ikkje har vore i stand til å kontrollere spreiing, og dommen stadfestar at ansvaret ligg hos frøselskapet, skriv Gennytt.

Bilete frå risproduksjon

 

Forureinaren må betale også for GMO-smitta frø.

-Det er en ny situasjon at GMO-selskap som Bayer og Monsanto ikkje kan ture fram utan å måtte betale for konsekvensane av at forureina frø vært spreidd til mange andre produsentar, uttalar Reidar Andestad i Oikos.  I Canada er det nå krise avdi Europa og ei rekke andre område ikkje vil ta inn meir linfrø, etter at det fleire gonger vart avslørt GMO-forureing av frøa.  Dette har skjedd sjølv om det er mange år sidan det var lov å dyrke GMO-linfrø i Canada.

 

1000 amerikanske bønder går til sak

Ein rapport utarbeidd for Greenpeace International konkluderer med at dei
totale kostnadane i heile verda som følgje av ureining frå GMO ligg mellom
741 millionar og 1,285 milliardar amerikanske dollar. No ventar i første
omgang søksmål frå over tusen andre amerikanske bønder.

Saka over er henta fra nyhetsbladet Gennytt - les meir om det på Ren Mat sida.

Her kan du lese meir 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere