Behald Ø-merket

25.04.2008
- Ø-merket må behaldast når EUs økomerke blir obligatorisk. Dette vedtok Oikos i ein uttale under landsmøtet i Stavanger i 6. april 2008.
Marknaden for økologiske mat i Norge er heilt avhengig av tilliten og kjennskapen forbrukarane har til Ø-merket.

Fjerning av Ø-merket vil sette marknadsutviklinga for økologiske produkt kraftig tilbake. Difor må Ø-merket behaldast som eit tilleggsmerke til EUs nye merkeordning for økologiske produkt.

Høg tillit til Ø-en
Forbrukarane sin tillit og kjennskap til Ø-merket er svært høg. Skal Ø-merket fjernast og erstattast av EUs, fryktar vi at mykje av denne tilliten og kunnskapen må byggast på ny hos forbrukar.

Innføring av nye omgrep som ”bio” vil forvirre forbrukarane. Norske styresmakter må difor gå aktivt inn og jobbe for at omgrepet ”økologisk” ikkje må erstattast av bio, organic eller andre ord.

EUs økomerke
Innføring av EUs obligatoriske økomerke om vel eit års tid, gjev oss i mellomtida ein gyllen sjanse til å utforme diversifisering av merkeordninga for økologisk mat. Medan EUs merke vil bety at produktet er godkjent innanfor EUs minstekrav, kan Ø-merket brukast til å definere tilleggskriterier.

Tilleggskrav
Eitt tilleggskriterium kan vere at produktet er produsert i Norge, med norske råvarer. Eit anna døme vi vil dra fram, er mogelegheit for å vurdere tilleggskriterier for tilsettingsstoff i mat, til dømes forbod mot nitritt og syntetiske aromastoff.

Forbrukarane er ei svært samansett gruppe med tanke på etiske, miljømessige, smaksmessige og helsemessige preferansar, samt ulike allergiar, intoleransar og sjukdomsbilete. Tilleggskriterier gjennom Ø-merket gjev oss mogelegheit til å gje desse eit truverdig tilbod.

Økt mangfald
Også mangfaldet blant økobønder kan potensielt syne att i framtidige tilleggskriterier. Mange satsar på andre miljø-, kvalitets- og dyrevelferdskriteriar enn kva EU krev. Eit par døme vi vil dra fram er satsing på eldre, lokale husdyrrasar og såkalla ”grass fed beef”.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere