Berre daud fisk svømmer med straumen

09.06.2011
Det var hovudbodskapen til prosjektleiar for Økologisk mat i Stavanger og Sandnes, Gabriele Brennhaugen. Saman med landbruksavdelinga i Fylkesmannen i Rogaland inviterte økologiprosjektet i Stavanger og Sandnes onsdag 8.juni, til dagskonferansen "Økologisk mat til Kari og Ola - om utfordringer, men mest om muligheter".

 

Bilde og tekst: Helene K. Austvoll

 

Sterk av å løfte øko

Konferansen som vart haldt på Måltidets Hus i Stavanger viste eit enormt mangfald innanfor økologisk mat og landbruk. Gjennom 12 ulike innleiarar med ulike perspektiv fekk me innblikk i kva som rørar seg både i inn- og utland, i den norske marknad, på økogarder, blandt soldatar i Forsvaret, barn og unge og mykje meir. For det er ikkje reint lite som rørar seg i øko-Noreg! Utfordringane er til stades, og det krevjar sitt å svømme motstraums. Men når målet der framme er godt for både helse, miljø og natur så er det verdt å ta i eit tak. I høve til Brennhaugen blir ein sterk av å løfte øko (berre prøv å rigg bodar til økomarknad!) og ikkje minst er det karakterdannande.

 

Folk flest er bønder

Kanskje ikkje i Noreg, men i verda er folk flest bønder og det er bønder som er fattige og som ikkje har nok mat til familien. Satsing på berekraftige jordbrukssystem er difor uunnverleg i arbeid mot fattigdom og svolt. Harde realitetar kom på bordet når utviklingspolitisk seniorrådgjevar i Utviklingsfondet, Aksel Nærstad, fekk i oppdrag å snakke om økologisk landbruk og kven det er bra for - Bra for dei rike og gjev auka svolt for dei fattige? Når tap av fruktbar matjord, forsvinnande biologisk mangfald, helseskadar blant bønder pga. sprøytemiddel, forureining av vassdrag, matsvinn frå jord til bord, forbruksmønster i den rike verda og kasting av mat tas med i rekneskapet, blir svaret enkelt.

 

At økologisk landbruk er vegen å gå fekk me også bekrefta av økobonde Silje Sværen frå Hjelmeland. Ho viste flott bilder frå garden med villsau, heimelaga og handlaga kjøtprodukt, og lammeskinn som ikkje bedrar! Forutan eit hjartesukk over ugraset høymole var ho klar i bodskapen om at økologisk er bra både for dyra, for landskapspleie og ikkje minst for at bonden og familien slepp å utsetje seg sjølve for sprøytemiddel. 

 

Barnleg matglede vs. ferdigmatepidemien

Jeg hører og jeg glemmer. Jeg ser og jeg husker. Jeg gjør og jeg forstår (Confucius). Viss det barn ser og høyrer knytast til konkrete handlingar utviklar dei større forståing. Kokebokforfattar og faglærar i ernæring, mat og helse, Margit Vea kom med ein stor og viktig bodskap. Travle kvardagar har hjå mange familiar ført til det Vea kalla ferdigmat-epidemien (jmf.fedmeepidemien), og ei framandgjering av mat. Nybakte foreldre får råd frå helsestasjonen om å gje ungane mat på glas for at dei skal få i seg nok næring, ikkje råd om kva grønsaker og anna mat som er rike på næring. Vea vil gje barn moglegheit til å lage mat, bli kjent med råvarer og dei kjem frå. Det er ei investering for ei berekraftig framtid, både for verda og menneska si helse.

 

Øko-smaking

Kor mange av sansane våre brukar med til vanleg? Det var eit av spørsmåla dagleg leiar i prosjektet Unge kokker, Sonia Loinsworth spurte. Samfunnet vårt er bygd opp rundt eit fokus på syn og hørsel. Smak og kjennskap til råvarer er i fokus i prosjektet Unge kokker, som bland anna holder kurs for ungdom i matlaging. - Smak 10 gonger før du bestemmer deg for om du aldri meir vil smake det! Når dei lagar grønsakssmoothie, men kanskje ser han litt for grøn og rar ut, er det dette som blir sagt.

 

Smak var også ein sans me måtte ta i bruk under konferansen. Det var smaksprøvar av fleire av Go Eco sine nye produkt, Tine sin nylanserte økologiske Cultura naturell med øko-musli, nydelig fruktjuicar frå Ullandhaug økologiske gård, og ikkje minst var det ein Oikos-stand med herlige økologiske cherrytomater med basilikum og mozarella. I tillegg til det var det servert nydelig lunsj, kaffi og te, og søtt og surt i pausane - alt økologisk, sjølvsagt!

 

 

Sjå heile programmet her.

 

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere