Billig kylling har sin pris

23.10.2012
Ein ny rapport frå Mattilsynet avslører dyremishandling og grove regelbrot ved ei rekke av landets kyllingprodusentar. – Dette visar at billig kylling har sin pris, seier styreleiar i Oikos – Økologisk Norge, Jakob Bjerkem, og oppfordrar folk til å vere på den sikre sida og kjøpe økologisk.

Rapporten kunne rapportere om regelbrot ved 102 og 152 produsenter. Mattilsynet varslar nå tilsynet strengare regler for kyllingproduksjon. Dette er ikkje nok meiner Oikos – Økologisk Norge.

 

- Problema i kyllingnæringa er gjennomgåande, og ikkje enkelttilfelle. Kravet om stordrift, låg pris på mat og såkalla effektivisering kan gi slike følgjer som rapporten visar. Få i næringa synast å ville slå eit slag for dyrevelferd og kvalitet, sier Bjerkem.

 

Oikos – Økologisk Norge frykter at Mattilsynet unngår å setje i verk omfattande og kostbare tiltak av omsyn til kravet om å holde prisane nede. Bjerkem visar til at Noreg er blant dei landa i verda der familiane bruker minst pengar på mat sett i forhold til inntekt, kun om lag 10 prosent. 

 

- Nordmenn bruker ei forsvinnande lita del av inntekta samanlikna med dei fattige bøndene i f.eks. Brasil, som utnyttast som billeg arbeidskraft i den industrialiserte landbruksproduksjonen for å skaffe billig kraftfôr til norsk svine- og kyllingproduksjon. 

 

Bjerkem ønskjer seg eit større fokus på økologisk mat. - Ved å kjøpe økologisk er du sikra betre plass for husdyra, krav om utegang, lengre oppforingstid og mindre intens drift. At du i tillegg får ein miljø- og klima-effekt burde vera i alles interesse seier Bjerkem.

Annonsører

Samarbeidspartnere