Coop kåra til årets økoleverandør

28.08.2014
- Coop har satsa på økologiske varer over tid og gjer økovarer tilgjengelege over heile landet, seier Anne Berit Løset, landbruksdirektør i Møre og Romsdal. Oikos - Økologisk Norge gratulerar prisvinnaren!

Coop er blitt tildelt prisen som årets leverandør av økologiske produkt.

Over heile landet

- Coop får prisen fordi dei har satsa på økologiske varer over tid og fordi dei gjer økologiske varer tilgjengelege over heile landet, seier Anne Berit Løset, landbruksdirektør i Møre og Romsdal.

Ein gigant

At det er ein av gigantane i daglegvarebransjen som får prisen, grungjev juryen slik:

  • Coop er ein stabil leverandør som har satsa over tid, og som gjer det enkelt å finne økologiske produkt i heile landet, også på små stader i distrikta.
  • Coop har eiga synleg økologisk merkevare.
  • Dei sel økologisk lokalmat frå produsentar i dei ulike regionane, som til dømes frukt, grønsaker og ost.
  • Butikkane har tilbod og kampanjar på økologiske varer, noko ein sjeldan ser elles.
  • Coop fortener påskjøning for at dei har så godt utvalg og satsar på økologi.

Utmerkar seg

Prisen «Årets leverandør av økologiske produkt» skal bidra til å løfte fram aktørar som utmerkar seg i satsinga på økologiske varer.

Prisen blir delt ut i dag, under Den Norske Matfestivalen i Ålesund, på konferansen «Matkultur og reiseliv».

Miljøsjef i Coop, Knut Lutnæs, kjem til i Ålesund for å motta prisen.

Tiande gong

Prisen for Årets leverandør av økologiske produkt vert i år delt ut for tiande gong.  Det er Den Norske Matfestivalen, Bioforsk økologisk og Fylkesmannen i Møre og Romsdal som står bak prisen.

Oikos - Økologisk Norge er representert i juryen saman med Debio, St.Olavs hospital og dei som står bak prisen nemnt over.

Oikos - Økologisk Norge gratulerar!

Kilde:

pressemelding fra Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Annonsører

Samarbeidspartnere