Coop Mega Sykkylven er Sykkylvens beste økobutikk!

06.12.2010
Coop Mega er kåra til den beste økobutikken i Sykkylven kommune av Oikos – Økologisk Norge og Økoløft- prosjektet ’Mat frå hjartet’. Kåringa tok sted fredag 3. desember ved at ordføraren i Sykkylven, Jan Kåre Aurdal, overrak prisen til butikksjef, Vidar Løseth.

Prosjektleiar Ingrid van der Velde, butikksjef, Vidar Løseth og ordføraren i Sykkylven, Jan Kåre Aurdal. Foto: Sykkylven kommune. 

 

- Formålet med kåringa er å vise bevisste konsumentar i Sykkylven kva for butikk i nærområdet som har det beste utvalet av økologisk mat, slik at dei legg neste handletur dit, fortel  marknadssjef i Oikos - Økologisk Norge, Kristina Alnes.

 

Mangfald er viktig for Coop sentralt og det ser ein tilbake i den lokale butikken. Coop Mega Sykkylven har eit veldig godt utval av økologiske varer. - Eg oppfordrar alle bevisste forbrukarar i Sykkylven til å legge neste handletur til Coop Mega Sykkylven, fortel Kristina Alnes. - Finn du ikkje alt du leitar etter er det berre å spørje dei tilsette, seier Alnes.

 

 

 På Coop Mega kunne prosjektleiar Ingrid van der Velde fylle ein kurv med økovarer. Foto: Ingrid van der Velde.

 

- Kåringa er blant ei rekke av kåringar, i løpet av året har 21 kommunar over heile landet kåra sin beste økobutikk, fortel Kristina Alnes.  - Vi trur på positiv forbrukarmakt. Og håper dette fører til at dei butikkene som er flinke på økologi opplever auka sal og at det økologiske vareutvalet blir betre i mange butikker. Kundar som handlar økologisk, kjøper i gjennomsnitt for 71 % meir enn såkalla vanlege forbrukarar, legg hun til.

 

 

Øko-demo i butikk

I samarbeid med Oikos - Økologisk Norge har Coop Mega fredag og laurdag ein øko-demo i butikken. Målet til prosjektet øko-demo i butikk, er å auke omsetninga av økologiske produkt gjennom auke kunnskap om økologisk mat og produksjon. Oikos har ein stab av erfarne og entusiastiske demo-personale. Ofte har dei sjølve erfaring frå økologisk drift. 

 

 

 Økodemo i butikk. Foto: Oikos - Økologisk Norge.

 

I november kunne kundane allereie smake økologisk rømme, økologiske raudbetar og økologiske gulrøter frå Møre og Romsdal. Dessutan blei det grove vaflar med steinmalt speltmjøl frå Volda El. Mylne. Volda El. Mylne produserer steinmalt spelt m/ 30% kostfiber. Mjølet har mykje kostfiber fordi det inneheld 100% av det uavskala speltkornet. Dette speltmjølet er populært til baking, mest fordi at ved å tilsetje ein liten andel (10-30%) av det i brøddeigen får ein tilført så mykje kostfiber. For stor del kan gi tunge brød. Steinmalt speltmjøl m/ 30% kostfiber egnar seg også godt til graut, suppe, kaker, pannekaker, vaflar, sveler, m.m., med formål å få meir fiber, smak og fylde i slik mat. Spelt passar også glimrande til potetball.  På Fønix kunne ein allereie smake på grove vaflar. Marit Klokk og mange andre innrømte at dei blei overraska på smaken: det var rett og slett  svært godt!

 

----------------------

 

For meir informasjon

Marknadssjef i Oikos - Økologisk Norge Kristina Alnes.

Mobil: 976 87 254 eller  kristina@oikos.no    

 

Ingrid van der Velde, prosjektleiar 'Mat frå hjartet'

Mobil: 91 89 87 77, eller Ingrid.velde@sykkylven.kommune.no

 

Volda El. Mylne, dagleg Leiar: Elias Moe
Telefon: 70 05 55 10, eller: mylna@mylna.no

Annonsører

Samarbeidspartnere