Dårleg marknadsføring av økomat

27.08.2010
Daglegvarekjedane er for passive med å marknadsføre økologiske varer, meiner Oikos på Matfestivalen i Ålesund. Variasjonen mellom butikkane er stor, seier Maiken Pollestad Sele i interesseorganisasjonen Oikos - Økologisk Norge til Nrk Møre og Romsdal.

Mange ICA-butkkar har godt utvag av økologiske tørrvarer i serien I love Eco.  Oikos etterlyser at økoprodukter vert  betre marknadsført.  Foto:  Oikos.

 

Etterspurnaden etter økologiske daglegvarer er aukande, men utgjer framleis ein liten del av den totale omsetninga. Ifølgje Sele må butikkane bli flinkare på marknadsføring.- Varene må jo marknadførast. Dei må visast godt i butikkane, Ø-merket må visast fram og det må satsast på kunnskap, seier Sele. Både dei som jobbar i butikkane og forbrukarane må få kjennskap til dei positive verknadane av økologisk mat.

 

 Maiken Sele, Oikos

Maiken Pollestad Sele er rådgjevar i Oikos - Økologisk Norge og forkjempar for både økologisk mat og økologsike tekstiler.  Foto: Oikos.

Maiken Pollestad Sele som er den fremste forkjemparen for økologiske tekstiler og klær i Norge, ho var også gjest i NRK Møre og Romsdal si morgonsending torsdag.  Etter å ha presentert Oikos - Økologisk Norge sitt prosjekt i Zambia med lokal produksjon av økologisk bomull og fleire tiltak i Norge som utvikling av økologisk ull, vart ho spurt om ho hadde på seg noko som var økologisk? -Ja, alt det eg har på meg er økologisk svara ho.  -Då har eg ikkje fleire kritiske spørsmål kommenterte journalisten i NRK.

 

Les heile saka hos NRK her

Annonsører

Samarbeidspartnere