Dårlege rutiner i Norge og mange GMO-spor

24.05.2009
I 2008 vart det påvist ulovleg innhald av genmodifisert materiale i fem av 142 undersøkte prøver - ein av næringsmidlar og i fire fôrvarer, fortel Genytt i siste utgåve. Spormengder av genmodifisert materiale vart påvist i ein av seks næringsmiddelprodukt ogi to av tre undersøkte fôrvarer.

Bildet er frå ein Greenpeace aksjon mot genmais i Tyskland.

Tal frå Mattilsynet 

Tala over er henta frå Mattilsynets tilsynsprosjekt på genmodifisert mat og fôr. Det er eit krav til norske matvarer at dei ikke skal innehalde GMO-stoff.

-Oikos er overraska og uroa over så store avvik og ber om ei kraftig innskjerping av rutinene for å hindre GMO-restar i norsk mat, seier dagleg leiar, Reidar Andestad.

 

 

Rutinesvikt

To av tre kontrollerte næringsmiddelverksemder hadde manglande eller ikkje
gode nok rutinar for å unngå innblanding av genmodifisert materiale i sine
produkt.

 

Mattilsynet ber om bedre internkontroll 

- Når så mange har manglande dokumentasjon på at spormengder er utilsikta
eller teknisk uunngåeleg, må fleire utarbeide betre rutinar i
internkontrollsystema sine, seier rådgjevar Monica Wear Stubberud i
Mattilsynet. Det vart berre avdekka funn av ulovleg innhald av genmodifisert
materiale i eitt risprodukt - med påfølgjande omsetningsforbod og retur av produktet.

 

Rapporten frå Mattilsynet kan lese her.

 

 Her kan du lese fleire GMO-saker i sist utgåve av Gennytt.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere