Drikk økologisk mjølk frå beitande kyr!

12.09.2010
- Økologiske kyr får utegang om sommaren sjølv når dei går i lausdriftsfjøs. Vidare får økologiske kalvar die mora i minst 3 dagar, seier Jakob Bjerkem, styreleiar i Oikos - Økologisk Norge og mjølkebonde. Sånn sett passer Tines store reklamekampanjen godt på økologisk mjølk, men det er dessverre ikkje nemnt i reklamen så langt. Han legg til at dei økologiske kyrne som er i båsfjøs om vinteren skal luftast fleire gongar i veka, dette er ulikt dei konvensjonelle kyrne. -Så det er berre å drikke økologisk mjølk og støtte opp om dette ekstra miljø- og dyrevenlege landbruket, seier han. Mange forbrukar kan no velge økologisk mjøk frå Tine eller Coop.

Det er for tida ein aukande skilnad mellom økologisk og konvensjonell drift når det gjeld dyrevelferd, seier styreleiaren i Oikos - Økologisk Norge, Jakob Bjerkem. Her fotografert heime på garden sin i Steinkjer.

 

Auka skilje mellom økologisk og konvensjonell drift 

Faktisk er det slik at skilnaden mellom økologisk og konvensjonell landbruk for tida er aukande.  Dette fordi fleire og fleire bønder går over til å ha store fjørs med lausdrift og mjølkerobot, der dei ikkje let kyrne kome ut om sommaren.  Det er ikkje noko krav til uteareal i konvensjonell lausdriftsfjøs. Dei økologiske kyrne i slike storfjøs er derimot sikra beiting på eng og utegang om sommaren. 

 

Stor mediekampanjen frå Tine med faktiske feil

I media får for tida Tine mykje juling fordi dei har gått ut med informasjon i sin store mjølekampanje som ikkje er korrekt.  Kritikken er fronta av veterinær Anne Viken og Miljøpartiet de Grønne.  Tine opplyser at frå 2013 vil også konvensjonelle kyr i lausdriftsfjøs vere sikra utegang om sommaren.  Når det gjeld krav om diing for nyfødde kalvar er det ikke vedteke noko krav om det for konvensjonelle kalvar. Debatten om dette kan følgjast i ei rekke aviser som Dagbladet på søndag og i Natonen tidlegare.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere