Dropp fisken, et heller GMO-soya, planlegg Monsanto

06.12.2010
Monsanto har søkt om godkjenning av to ulike genmodifiserte soyaplanter som skal gi forbrukarane sunnare mat. Olje frå denne soyaen inneheld opptil 30 prosent av ein omega-3-fettsyre som ikkje finst naturlig i soya. Vanleg soyaolje inneheld om lag 20 prosent slik feittsyre, medan olje frå den genmodifiserte soyaen inneheld 75 prosent. Monsanto meiner olje frå denne soyaen kan gje oss sunnare og meir haldbare matvarer.
– Saka viser at det stadig er kamp om maten og framtidas matproduksjon og at GMO-satsinga til selskap som Monsanto er ein trussel mot naturleg produsert mat, seier Reidar Andestad i Oikos – Økologisk Norge.

Monsanto er eit av dei største selskapa i verda når det gjeld sprøytemiddelproduksjon og når det gjelder utvikling av genmodifiserte plantar og frø. Bildet viser eit prøvefelt til Monsanto. Foto:Monsanto.

Lars Ødegård er leiar av Bioteknologinemnda. Foto: Btn

Bioteknologinemda ber om meir dokumentasjon 

 

Bioteknologinemnda meiner Monsanto må dokumentere at soyaen har dei helsefordelane som selskapet påstår, og er kritisk til påstanden om at genmodifisert soya med omega-3-fettsyre (einumetta feitt) er det som trengst for at nordmenn skal få eit sunnare kosthald. Soyaen er også genmodifisert slik at den tåler sprøytemiddel med glyfosat, ein eigenskap som er meint å gje mindre svinn under dyrking og dermed gje bøndene meir stabile inntekter, skriv Gennytt.  Marte Rostvåg Ulltveit-Moe i Ren Mat og Oikos møter for tiden i utvalget.

 

Les meir om saka her

 

Les også kronikk av seniorrådgjevar Audrun Utskarpen i Bergens Tidende

 

Korrigering til Genytt-saken fra Bioteknologinenmnda (6.12.2010):

"Bioteknologinemnda vil gjøre oppmerksom på at vi snakker om to forskjellige genmodifiserte planter (MON 87705 og MON 87769 for de innvidde) med to forskjellige typer genmodifiseringer. I omtalen i Gennytt er disse to blandet sammen til én, slik at det blir feil.

 

Den første soyaen (MON 87769) inneholder 30 % av ei omega-3-fettsyre (omega-3 er flerumetta fett) som ikke finnes naturlig i soya, og Monsanto reklamerer med at den kan erstatte fisk som kilde til omega-3. Nemnda uttalte seg om den i en høringsuttalelse i mai i år, vi omtalte den i Genialt 3/2010, og det er denne soyaen som er omtalt i kronikken i Bergens Tidende. Den andre soyaen (MON 87705) inneholder tre ganger så mye enumetta fett som vanlig soya, den blir markedsført som et alternativ til raps- og olivenolje. Nemnda uttalte seg om denne i et høringsbrev den 16.11 (ble lagt på nett 25.11), og denne soyaen blir omtalt i neste nummer av Genialt."

Her er heimesida til Bioteknologinemnda  Her er nemda sitt brev til Direktoratet for Naturforvaltning i denne saka

 

 

Noreg seier ja til EU-forslag

Norske styresmakter er positive til forslaget om at EU-landa sjølv skal  avgjere i kva grad dei vil forby eller avgrense dyrking av GMO. Det kjem fram i eit EØS-notat som vart offentliggjort 27. november. Men  kommisjonen vil få problem med å gjennomføre endringane, fordi  EU-juristar ikkje finn heimel for forslaget, verken i EU-traktaten eller sjølve utsettingsdirektivet. Dei meiner også at forslaget er  problematisk i høve GATT, skriv Gennytt.


Her er kjelde til meir informasjon om nasjonal rett til GMO-styring

 

 

Desse to sakene har vi fått frå Gennytt.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere