Drøymer om at folk skal sjå seg sjølve som ein del av naturen

10.02.2011
Merk deg namnet Helene Austvoll. Ho er den nye medarbeidaren i Oikos - Økologisk Norge og skal arbeide særlig med prosjektet "Open økologisk gård" eller haustmarknad som det også vert kalla. Me har stilt ho nokre spørsmål.

Helene K. Austvoll skal skape interesse rundt økologisk landbruk og mat gjennom eit prosjekt med ei rekke opne gardsarrangement ved økologiske gardsbruk rundt i landet. Prosjektet er finansiert av Statens Landbruksforvaltning.  Foto:  Oikos

1. Du har vakse opp på konvensjonell gard i Rogaland?

Far min tok over min farfar sin gard i 1992, kor me hadde kylling, sau og mjølkeproduksjon. Med skilte foreldre budde eg både på gard og i by, noko som var ein fin kombinasjon.  

 

2. Kva var det som gjorde at du vart engasjert i økologisk landbruk og mat?

Det er vel som det meste ein kombinasjon av arv og miljø. Eit politisk engasjement og ei interessse for kva som skjedde i verda prega kvardagen min som student i Bergen. Etter at eg skreiv bachelor-oppgåve om debatten rundt bruk av genmodifisering i matproduksjon vart eg meir og meir nysgjerrig på alternative jordbruksmetodar, og ikkje minst fascinert over naturen og korleis naturen sine prinsipp kan og bør vere ein integrert del av jordbruket.

 

3. Kva skal du jobbe med i Oikos? Kva bør vi forvente av dette prosjektet?

Eg skal hovudsakeleg jobbe med planlegging og arrangering av opne økologiske gardar som skal føregå på slutten av sumaren. Prosjektet er inspirert av det danske Økologisk Høstmarked, og av Bondelaget sine Open gard-arrangement. Det er på høg tid at folk får moglegheit til å sjå, lukte, smake, lytte og oppleve nokre av dei flotte norske økologiske gardane her i landet. Eg meiner at prosjektet er ein viktig del av arbeidet med å auke medviten om korleis ein driv økologisk og på den måten minske avstanden mellom dei som lagar maten og dei som et maten.

 

 4. Er det eigentleg nokon forskjell på økologisk og konvensjonelt landbruk i Norge?

Viss det ikkje hadde vore noko forskjell hadde vel ikkje Oikos - Økologisk Noreg vore naudsynt. Det er samstundes viktig å hugse på, tykkjar eg, at det finst både gode og dårlege gardsbruk, konvensjonelle så vel som økologiske. Det viktigaste er at ein driv gardar på ein måte som tek vare på dei naturlege økosystema, jorda og alt liv som finst nedi der, visar omsyn og omsorg for dyra og sjølvsagt også menneskje. Økologisk landbruk har i mykje større grad fokus på heilskapen og det levande ved landbruket, og det er nettopp difor eg meiner økologisk landbruk og tenking er vegen å gå viss me har tenkt å ete sunt og godt i dag og i framtida.

 

6.  Går det an å lære noko om økologisk landbruk på UMB - i fall kva er det viktigaste du har lært der?

Økologisk landbruk og filosofi er diverre ikkje det som dominerar i fagkretsane på UMB. Eg anser meg sjølv som heldig som fekk ta ein master i Agroøkologi- eit studie som handlar om nettopp heilskapen i jordbruks- og matsystem, og at den er større enn summen av sine delar, slikt Aristoteles snakka om. Ja, det går an å lære noko om økologisk landbruk på UMB, heldigvis. Det meste var interessant og viktig, men viss eg skal peike på noko må det vere samspelet i eit økologisk jordbrukssystem. Nitrogenfiksering, vekstskifte, grønngjødsel og slikt, og korleis ulike organismar utfyllar kvarandre og er i sin heilskap avgjerande for at systemet skal fungere.

 

7.  Du har no vore 2 veker i Oikos, kva er ditt inntrykk av kontoret og organisasjonen?

Eg har fått eit veldig positivt førsteinntrykk, og det trur eg ikkje kjem til å endre seg med det første. Det er ei god atmosfære her på kontoret, skapt av  flotte menneskje. Menneskje som jobbar med noko av det viktigaste her i livet, nemlig jord og mat, og eg er glad for å vere ein del av det. 

 

8.  Til slutt, kva er det du drøymer om?

At menneskje skal sjå på seg sjølve som ein del av naturen og ikkje som noko som står utanfor, at me i staden for å tenkje "ut i naturen" heller tenkjer "inn i naturen". Også drøymer eg sjølvsagt om ein hage kor eg kan få plass til grønsaker og ein liten hønseflokk!

Annonsører

Samarbeidspartnere