Dyrk din egen mat i byen

24.03.2012
La deg inspirere og informere saman med andre nysgjerrige, tysdag kveld klokka 18.30, på Grønland i Oslo.

Korleis kan byens hageflekker nyttast til smakfull og sosial glede?

 

 

Inspirasjonskveld om urbant landbruk

 

 

Tid: tysdag 27.mars 18.30

 

 

 

Stad: Galleri 31B, Grønlandsleiret 31B i Oslo

 

 

 

 

 

Majobo-prosjektet, Mat og jord der du bor, er eit nasjonalt løft for økologisk dyrking i eige nærmiljø. Dei bygg eit nettverk av erfarne og uerfarne kjøkkenhage-heltar for å auke medvit om kortreist og ureist mat, og inspirerer til å dyrke i byen. Nysgjerrig?

 

 

 

 

 

Sjå den fine plakaten her og finn Majobo på facebook!

 

 

 

 

 

På inpirasjonskveld tysdag 27.mars klokka 18.30 på Grønland i Oslo kan du lære om

 

 

 

- Fruktdugnad: samfunnsnyttig bruk av byens bær og frukter

 

 

 

- Økologiske frø: kor kjem dei frå og kvifor er dei så bra?

 

 

 

- LED-teknologi for å dyrke innandørs

 

 

 

- Kjøkkenhager og matskogar for terapi og læring

 

 

 

 

 

Velkomen!

Annonsører

Samarbeidspartnere