Eit hjartesukk frå Florø: Dyrefôr skal ha kvalitet, menneskemat skal vere billeg!

13.06.2010
-Vi lever i eit land der all annonsering for menneskemat handlar om kor billeg ting er. Medan all annonsering rundt til dømes dyrefôr handlar om kvalitet. Denne triste utviklinga vil aldri snu før du og hunden din byter plass i daglegvarebransjens bevisstheit. Og den prosessen startar hos kundane, som aldri før har behøvd å jobbe mindre for å fylle handlekorga, skriv redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten i ein leiarartikkel. Vi bringer ein del av hjartesukket hans vidare.

Skal ein finne ferskvarer og innhaldet til ein økologisk frukost i butikkar som i Florø eller må ein gå på eit Choice hotell for å oppleve dette?  Skal vi finne oss i at billegbutikkane skal definere matkvalitet for dei fleste? Bilde fra Choice.

Kor mange billegbutikkar treng vi? 

-I Florø by har ein no ti daglegvarebutikkar. I tillegg kjem seks andre butikkar som ligg på øyane/i dalane. Og her er kanskje noko av problemet, skriv Vee. Vi har ei overetablering og eit fokus på pris som er heilt øydeleggjande når det gjeld kvalitet. Nedlegginga av COOP sitt Mega-konsept i Florø skjer samstundes med at Sogn og Fjordane blir tildelt status som inkubatorfylke for gründerar innan nisjematproduksjon. Det viser berre kor haltande tilhøvet mellom produsentar og salsbransjen har utvikla seg.

 

Matoppleving eller pengeinnkreving?

-At det er økonomiske kalkylar som ligg bak, tviler vi ikkje på. Derimot tviler vi meir på utsegna til COOP-sjef Rune Økland om at kundane vil få eit betre tilbod enn før. Ein bemanna ferskvaredisk handlar nemleg ikkje om gleda av å sjå nokon skjere opp biffen din, framfor å plukke den opp frå eit plastbrett sjølv. Det handlar om å bli teken på alvor som kunde, gjennom at ein butikk stiller med personell som faktisk har råvarekunnskap og kompetanse på det ein skal selje, slik ein må innan alle andre bransjar. Faktum er at personell i norsk daglegvarehandel snart berre har ei oppgåve: Å ta imot pengane dine - ikkje å ta imot deg som kunde, skriv redaktør Vee i Firdaposten.

 

Er det slik vi vil ha det?

-Vi takker for ein glimrande leiaratikkel og god analyse!  Skal billegbutikkar definere matsmaken i Norge? Skal det å handle vere ei oppleving av smak og ferske råvarer - vil vi at mathandling skal vere som å fylle bensin på bilen? Skal sunne og økologiske varer dyttes ut fordi omsetninga går seinare enn for masseprodukter med liten smak og som tek mindre omsyn til miljøet.  Lat oss stille større krav!  Helsing Reidar Andestad i Oikos - Økologisk Norge.

 

Heile leiarartikkelen til Sven Arne Vee i Firdaposten finn du her

 

Sjå sak om brød i lågvprisbutikkar i Dagligvarehandelen.

Annonsører

Samarbeidspartnere