Ekte norsk kjøtt

25.10.2011
Norsk landbruk står ovanfor mange utfordringar, men ei utfordring kan også representere ein moglegheit. Produksjon av økologisk storfekjøtt utelukkande på beite og gras - grass fed beef - kan vera ei mogleg løysing. Dette var utgangspunktet for Norsk Landbruksrådgiving då dei inviterte til seminaret "Lønsemd for kjøttfebonden" tysdag 25.oktober på Kulinarisk Akademi i Oslo.

Foto: Grass fed beef på Horgen gård

 


Av Helene K. Austvoll

 

Graslandet Noreg

 

Noreg er eit grasland! Det er beskjeden me får frå landbruks-Noreg. Sjølvforsyning, levande landbruk i heile landet og bruk av beiteressurser i inn- og utmark er ein del av det norske landbruksmantraet. Kor vidt landbrukspolitikken legg forholda til rette for eit slikt mantra diskuterast heftig i miljøet for tida.

 

Det var ikkje det som var hovudtemaet for seminaret den 25.oktober om grass fed beef på Kulinarisk akademi i Oslo. Så lenge landbruket er ei politisk tung næring, vil det me fôrar husdyra med likevel vera ein del av det store biletet - anten det er norsk gras eller importert kraftfôr.

 

Grass fed beef på Horgen gård

 

Det er prosjektleiar Trond Ivar Qvale som er hovudarrangør av seminaret. Han har drevet økologisk mjølkeproduksjon på Horgen gård sidan 1989, og gjekk over til kjøttproduksjon i byrjinga av 2000-talet. Inspirert av Holistic Management, eit heilskapleg forvaltingssystem kor ein imiterar naturlege beitemønstre, initierte Qvale i 2008 prosjektet Rød Angus - marmorert økobiff på grovfôr.

 

 

Her finn du heile programmet for seminaret.

 

Framtidsretta kjøttproduksjon

 

Ulike formar for framtidsretta kjøttproduksjon har vore målet for prosjektet "Rød Angus - marmorert økobiff på grovfôr.  Eit framtidsretta produkt må også vera eit marknadsretta produkt. Gjennom tilleggsverdiar som helse - og ernæring og omsyn til klima- og naturgrunnlag kan grass fed beef gje grunnlag for både høgare salspris og betre lønsemd for bonden.

 

God helse for menneske og miljø

 

Basert på seminarets innleiarar er det både forsking og erfaring som tilseiar at grasfôra storfe, i dette tilfelle rasen Aberdeen Angus, gjev ei betre feittsyresamansetting og på den måten er sunnare for menneske. Ikkje minst smakar det godt! Smak og kvalitet er første kriterie for ei lønsam produksjon.

 

Ei satsing på grass fed beef vil også kunne vera med på å nå dei landbrukspolitiske måla som er nemnt ovanfor, nemleg bruk av lokale fôrressurser og kulturlandskapspleie. Det blir det ekte norsk kjøtt av!

 

 

 

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere