EU med massiv forsking på biedøden

18.11.2010
EU-parlamentet er uroleg for biene. Landbrukskommiteen i EU-parlamentet har lagt fram ein omfattande plan for å finne ut kvifor biene døyr. Honningproduksjonen er i fritt fall i Europa, eigenproduksjonen dekkar no berre 50 prosent av forbruket i EU, ei rekke birøktarar har måtta gje opp, og kommiteen ønsker å gjennomføre tiltak som kan hindre vidare spreiing av den mystiske biedøden, som først råka USA melder Gennytt.
-Her er det grunn til stor uro og det er viktig at det kjem ekstra forsking, seier Reidar Andestad. I Oikos - Økologisk Norge meinar vi at myndighetene må kutte sprøytemiddelbruk og satsingen på genmodifisert artar for å sikre eit bærekratig landbruksmiljø, slik at vi ikkje på fleire område opplever det som skjer med biedøden i USA og EU.

Reidar Andestad daglig leder, Oikos

- Myndighetene må kutte sprøytemiddelbruk og satsingen på genmodifisert artar for å sikre eit bærekratig landbruksmiljø, slik at vi ikkje på fleire område opplever det som skjer med biedøden i USA og EU, seier Reidar Andestad i Oikos - Økologisk Norge. Bildet:  Oikos.

 

Matproduksjonen er avhengig av biene

Det er meir enn honning som kan bli mangelvare dersom biedøden held fram med å spreie seg. Ein svært stor del av matproduksjonen er avhengig av pollinering via bier. Landbrukskomiteen vil gje meir støtte til dei birøktarane som framleis finst, til forsking på årsakene til mysteriet med biene som døyr og sørge for at data om effektar av GMO og sprøytemiddel på biene vert offentlege.

 

Sjå meir om dette her

 

Sjå bakgrunnssak om bidedød på Oikos sida

 

Saka over er henta frå Gennytt.  Sjå meir om Gennytt under Ren Mat på Oikos-sida.

Annonsører

Samarbeidspartnere