Fest for økologisk fetaost

17.08.2012
Ostemakar Ingvar Tysvær har laga to økologiske bestselgarar med fetaosten Fest og smøreosten Provence.

 

 

Haugaland Meieri fekk i fjor sølv og bronse på landsutstillinga for høvesvis fetaosten Fest og den smørbare osten Provence. Til saman har det vesle gardsmeieriet nå omsett meir enn sju tonn ost, for omlag ein million kroner. Nå har ikkje Tysvær tid til å laga dei to nye modningsostane som skal inn i sortimentet.

 

- Eg sel altfor mykje feta. Eg skreiv på nettsida at dei to nye ostane skulle vera klare i juni. I staden har eg enda opp med å laga meir fetaost for å metta etterspurnaden, sier Tysvær.

 

- Som måkar

Frå 2010 til 2011 auka omsetjinga med så mykje som 43 prosent. Dei fire første månadene i år var auken like stor. Suksessen har kome til dømes for at gardsmeieriet så langt ikkje har vald å ha ostane sine i vanlege butikkar. I staden fins ostane på marknader som Matstreif i Oslo, Julebyen Egersund, og kvar månad, unntatt januar,er Tysvær på Bondens Marked i Bergen.

 

- I Bergen har det vore heilt vilt, det er der eg sel mest. Folk er som svoltne måkar, fortel han.


Festost Haugaland meieri

 

Godt Brød

I Haugesund har fleire restaurantar med ein kortreist profil tatt inn dei lokalproduserte ostane på menyen. Dei fins også på Godt Brød sine bakeri i Stavanger, Bergen og Oslo.

 

- Me har auge og øyre opne og veit kva som rører seg i marknaden. Det finst eigentleg ikkje så mange som lagar økologisk ost, forteller Stein Arve Bernes, regionsleder i Godt Brød. Det var ostemakaren sjølv som dukka opp med smaksprøvar. Sidan har bakeriet vore ein fast kunde.

 

- Ingvars ost er litt annleis enn det andre lagar. Fetaosten er perfekt på ein økologisk sandwich, seier Bernes.

Kva er fetaost?


Sjølv om tradisjonell fetaost kan lagas av mjølk kun frå sau og geit, fins det også «fetaostar» laga av ei blanding av mjølk frå sau, geit og ku, eller berre av mjølk frå ku. Fest er ein fetaost som er laga av kumjølk. I løpet av dei siste 20 åra er fetaost blitt veldig populært i heile Nord-Europa. Feta er osten som brukas i den tradisjonelle greske retten gresk salat.  Opprinneleg vart osten konservert i lake for å gjere den haldbar til vinteren kom. Dette var før kjøling vart vanleg, omtrent som vi nordmenn salta og tørka fisk for konservering. Feta er ein salt ost.  I Persia er den enda saltare enn i Hellas, som igjen lager saltare ost enn vi nord-europeere liker.  Det er altså visse regionale forskjellar på det same produktet.                                       

 

 

- Eit lykketreff

Gardsmeieriet held hus i Tysværvåg, ikkje langt frå Statoils anlegg på Kårstø. Mjølkeproduksjonen er lagt ned for å kunna satsa for fullt på ost. Å ha kyr som kalva samtidig som osten skulle lagast viste seg å vera vanskeleg å kombinera. Nordheim gard på Karmøy leverer mjølka til suksessostane. Med fetaosten Fest har gardsmeieriet Haugaland Meieri endeleg fått betalt for ti år med hardt arbeid.

 

- Eit lykketreff. Eg har jo halde på ei stund, det har ikkje berre vore oppoverbakke, seier ostemakaren.

 

At det går så bra takkar Tysvær også Innovasjon Norge for. Støtte til matforedling frå Innovasjon Norge gjeld bønder som ønskjer å starta opp med tilleggsnæring på garden. Det går an å få støtte til både oppstart, design og produktutvikling.

 

- Eg hadde ikkje klart meg utan tilskota, seier han.

 

 

Kjelder:
Nationen: Nationen.no

Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Feta

Haugaland Meieri: http://www.haugalandmeieri.no/

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere