Føreslå "Årets leverandør av økologiske produkt"

10.06.2014
Årets leverandør av økologiske produkt skal kårast under Den Norske Matfestivalen i Ålesund i august. No er tida for å sende inn forslag på gode kandidatar.

Publikum og fagfolk inviteres til å kome med forslag på gode kandidatar til "Årets leverandør av økologiske produkt".

Ut til forbrukar

Ein av målsetjingane i den økologiske satsinga er å få økologiske varer ut til forbrukarane. Difor er det viktig å setje fokus på produsentar som sel økologiske varer gjennom daglegvarehandelen. Statens landbruksforvaltning finansierer prisen, som er eit flott diplom og eit vakkert bilete.

Vinnaren blir kåra under Den Norske Matfestivalen i Ålesund i august. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Bioforsk Økologisk og Den Norske Matfestivalen står for utdelinga av denne nasjonale prisen.

Jury vurderar

Statuttane for "Årets leverandør av økologiske produkt" er:

  • Prisen skal delast ut til ein bedrift eller ein person som produserer eller omset norske, økologiske produkt.
  • Prisvinnaren skal gjennom arbeidet sitt ha vist at vedkomande forstår heilskapen i den økologiske tankegangen.
  • Produktleveransane skal være profesjonelle og sikre, og halde ein høg standard.
  • Produkta skal i hovudsak seljast gjennom daglegvarehandelen.

Juryen er sett saman av fem medlemmer frå følgjande organisasjonar: Debio, St. Olavs Hospital, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Oikos – Økologisk Norge og Bioforsk Økologisk. Denne juryen skal vurdere dei ulike kandidatane, og prisen skal delast ut på Den Norske Matfestivalen i Ålesund i august 2014.

Send inn forslag

Frist for innsending av forslag er 20. juni 2014. Forslaget må vere grunngjeve og innehalde fylgjande informasjon: Namn/firmanamn og adresse til kandidaten, kort omtale av produkt og firma, namn og adresse på innsendar.

Forslag til kandidatar sendast til fmmrpostmottak @ fylkesmannen.no

Tidlegare vinnarar

Dette er det tiande året prisen vert delt ut, og dei tidlegare prisvinnarar er:

2005 - Rørosmeieriet

2010 - Økodrift Homlagarden AS

2006 - Trygve og Erna Sund

2011 - Grøstadgris AS

2007 - Godt Brød

2012 - Kjær Gartneri

2008 - Tine BA

2013 - Norganic

2009 - Balholm AS

Kontaktperson for kåringa av "Årets leverandør av økologiske produkt" er rådgjevar Kirsti Indreeide ved Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. fmmrkiin @ fylkesmannen.no Telefon 71258143

Annonsører

Samarbeidspartnere