Foreslå årets leverandør av økologiske produkt 2011

27.06.2011
Du kan bestemme kven som blir "Årets leverandør av økologiske produkt"? Kåringa skjer under Matfestivalen i Ålesund 25. august. Send forslag innan 1.august! Det er Den Norske Matfestivalen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal ved landbruksavdelinga og Bioforsk Økologisk dele ut utmerkinga. Ein jury av personar frå ulike organisasjonar, der Oikos - Økologisk Norge deltek, vil så ta avgjerda, og prisvinnaren blir kåra under Den Norske Matfestivalen i Ålesund. Det er sjette året prisen vert delt ut.

Økoprisen for 2010 gjekk til Homlagarden i Hardanger for deira økologiske kalkunoppdrett. -Det var ein velfortjent vinnar seier fagsjef Jon Magne Holten i Oikos - Økologisk Norge.  Foto: Homlagarden.

 

Tidlegare prisvinnarar

Tidlegare prisvinnarar er Rørosmeieriet (2005), Trygve og Erna Sundt (2006), Godt Brød (2007), Tine BA (2008) og Balholm AS (2009) og Homlagarden (2010) Prisen vert finansiert av Statens landbruksforvaltning, og består av diplom og vakker biletkunst.

 

Statuttar for prisen

Statuttar for "Årets leverandør av økologiske produkt": Prisen skal delast ut til ei bedrift eller ein person som omset eitt eller fleire økologiske produkt. Prisvinnaren eller prisvinnarane skal gjennom sitt virke ha vist at han/ho har forståing for det økologiske konseptet. Produktleveransane skal være profesjonelle og sikre, og halde ein høg standard. Produkta skal i hovudsak omsettast gjennom daglegvarehandelen.

 

I juryen set

Juryen som behandlar innkomne forslag har medlemmer frå følgjande organisasjonar: • Debio • St Olavs Hospital • Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/landbruksavdelinga • Oikos • Bioforsk Økologisk

Dine forslag på kandidat kan sendes info@oikos.no

 

Annonsører

Samarbeidspartnere