Forskarar knebla av industrien

12.08.2009
Det amerikanske vitskapsmagasinet Scientific American er krass i kritikken mot dei store frøselskapa, som nektar vitskapsmenn å publisere uavhengige rapportar om GMO.

Forskarar må spørje selskap som Monsanto om løyve til å gå ut med resultata av uavhengige testar. Denne restriksjonen må fjernast, krev redaktørane på leiarplass.   Dette skriv Gennytt i siste utgåve.

Lenke til saka

GMO kan gje ufatteleg krise
To leiande europeiske vitskapsmenn åtvarar særleg India mot å godta genetisk modifisert (GM) korn og mat. Professor i molekylærbiologi Gilles-Eric Seralini ved universitet i Caen og genetikkprofessor Michael Antoniou ved King's College i London seier at desse produkta er avviste i Europa og er blitt dumpa i India av multinasjonale selskap som ikkje kan finne marknad for dei i Europa.

- 99,9 prosent av GMO inneheld giftige plantevernmiddel, og vi veit ikkje verknaden verken på menneskekroppen eller miljøet. Det største problemet er alt hemmeleghaldet, det trengst  mange fleire uavhengige testar i høve helse og miljø, seier dei to, som understrekar at vitskapen skal brukast til beste for menneske, ikkje for selskap.

Lenke til meir informasjon om dette

Informasjonen over er henta frå siste nummeret av Gennytt, nr 11 - 2009.  Heile nyhetsbrevet finn du under Ren Mat på Oikos-siden.

Annonsører

Samarbeidspartnere