Forsvaret i økologisk front med sine innkjøpsavtalar

08.07.2010
Forsvaret styrkte arbeidet med miljø- og samfunnsansvar i mellom anna tildeling av avtale for proviant til Forsvarets kjøkken, og innførte 5 % økologisk mat frå 2010. Dette skal auke til 15 % i 2012, seier forsvarsministeren, som her får ros frå Oikos – Økologisk Norge. - Forsvaret går i front og viser veg for korleis det offentlege kan auke andelen av økologisk mat, seier dagleg leiar Reidar Andestad.

Oikos - Økologisk Norge gir ros til forsvarsminister Grete Faremoe for innkjøp av økologisk mat til forsvaret. Økologisk mat er godt for miljøet, for landbruket og godt for soldatene, seier Reidar Andestad. Bilde: Scanpix

Staten har vore ei økologisk sinke

- Oikos har stadig etterlyst tiltak på dette området og vi har meint at det har vert oppsiktsevekkende lite oppfølging på økologiske innkjøp når regjeringa sitt mål er 15 % økologisk innan 2020. Staten har faktisk vore ei sinke på dette området. Derfor er det gledeleg når Forsvaret her viser korleis dette bør gjerast ved offentlege avtaler om matinnkjøp, seier Reidar Andestad.  - Kravet om økologisk mat fremjar eit miljøvenleg landbruk og bruk av reine og sunne råvarer.

 

Forsvaret ordnar opp i sitt avfall 

Avfallshandsaminga viser også gode resultat: Til saman gjekk 78 % av avfallet til attvinning. Eit omfattande energileiingsprogram har til no medført ei innsparing på 78 GWh samanlikna med 2006. Dette er like mykje energi som 4000 husstandar bruker i eit år, og utgjer ca 15 prosent av Forsvarets totale energiforbruk.

 

-  Det er eit mål for oss å gjere verksemda vår stadig betre med omsyn til miljø og til å førebyggje forureining. Vi vil derfor arbeide målretta med miljøleiing også i åra som kjem, seier forsvarsministeren.

 

Her kan du lese intervjuet med forsvarministeren på departementet si heimeside

Annonsører

Samarbeidspartnere