Frå jord har me kome og til jord skal me bli...

02.12.2011
...og i mellomtida skal me drive god agronomi! Bønder, agronomar, forskararar og rådgjevarar samla seg i Drammen 29.-30.november på seminaret "Levende matjord" for å diskutere utfordringar og erfaringar frå arbeid med jordkvalitet. Ei levande jord, med meir av både makro- og mikroliv gjev ei robust matjord og vedvarande matproduksjon.

Følg bloggen om Levande Matjord!

 

Soil, earth eller dirt. Jord, jordsmonn eller matjord. Same kva me kallar det så kan me alle vera einige om at det er grunnlaget for alt liv. Eller kan me det? Ser me på tilstanden til matjorda i verda, inkludert Noreg, ser det ikkje ut som at det er einigheit eller forståing om at eit myldrande liv under bakken er nødvendig.

 

FN, med fleire, hevder at 80 % av verdas matjord er middels eller sterkt skada av degradering og erosjon.  Det er eit tal som gjev grunn til å uroa seg.

 

For ein ting som alle kan vera einige i, er at dyrking av mat er fundamentalt for ALLE aktivitetar menneske og dyr gjer.

 

Men kva betyr det at jorda er degradert? Er me i stand til å forstå det? Og om me forstår det,  korleis kan me bli einige om at me må gjera noko med det?

 

Grøfting, jordpakking og avrenning er tema som blir diskutert i landbruksrådgivinga, bondeorganisasjonar, og generelt i landbruksmiljøet.  

 

Det er eit paradoks at jordbiologi ikkje får plass på temalista. Ei jord med god struktur og høgt jordliv er ei motstandsdyktig og robust jord, og har større sjanse for å tåle køyring og redusere jordpakking.

 

Utan kunnskap om dei biologiske prosessane forårsaka av livet i jorda, og utan omsyn til dei, vil me ikkje kunne utvikle ein vedvarande, sunn og avlingsrik matproduksjon. Det er utgangspunktet for Buskerud fylke sitt prosjekt "Levande matjord".

 

Buskerud fylke er eit økologisk foregangsfylke innanfor området. Bønder, biologar og agronomar, på gardar og i laboratorium, løfter saman kunnskapen om livet under bakken og korleis det påvirker matproduksjon.

 

samlinga i Drammen 29.-30.november møttes forskarar, agronomar, bønder og landbruksrådgjevarar, til god økologisk mat og faglege diskusjonar. Korleis skal jordlivet gjenopprettast og vedlikehaldast, og korleis kan det gjerast lønsamt? Spanande feltforsøk, blant anna på bruk av kompostkultur i ulike produksjonar er noko av det det forskast mykje på.

 

Korte filmsnutter frå jordas mørke, med amøber, flagellater, ciliater og meitemarker viste det enormt komplekse systemet som påvirker middagen vår.

 

Det er kanskje berre meitemarken som er kjent for dei fleste av oss, men at meitemarken lager gangar i jorda slik at vatn filtrerast nedover, gir plass til planterøter til å trenge gjennom jordlag for å finne næring, og ikkje minst omdannar organisk materiale til næringsrik jord, synar ikkje å vera allment kjent.

 

Dette er eit kretslaup. Eit kretslaup som er essensielt for matproduksjon for deg og meg, i dag og i framtida. Først må me bli einige om at,

 

frå jord har me kome og til jord skal me bli, og i mellomtida drive god agronomi!

 

Og for dei som ikkje driv agronomi er det å ete mat produsert på økologisk vis, med omsyn til mikro- og makroliv, eit viktig bidrag.

 

 

Tekst: Helene K. Austvoll, helene@oikos.no

 

Annonsører

Samarbeidspartnere