Framtidas matprodusentar samla i Oslo

03.05.2012
Utfordringar og løysingar for landbruket vart diskutert då Biodynamisk forening og Det andre forumet inviterte til samling i Oslo søndag 29.april.

 Tekst og foto: Helene Austvoll

 

Matproduksjon på naturens premiss

Korleis skal me produsere mjølk utan å presse dyra? Korleis kan me dyrke grønsaker og ta vare på biologisk mangfald? Kva virkemiddel finst for skape interesse for matproduksjon og vilje til å betale den reelle prisen for kvalitetsmat?

 

Nærleik gjev kunnskap

Produksjon og marknad er avhengig av kvarandre, men er kanskje ikkje tett nok knytt saman. Bønder og andre som jobbar med mat opplev ei manglande interesse for matproduksjon, frå frøet spirar til det ligg på tallerkenen. Nærleik og gode opplevingar av landbruket gjev kunnskap om matproduksjon og samanhengane i naturen, og vidare ei forståing av kva som krevjast for å produsere kvalitetsmat.

Spørsmålet blir då korleis me kan skape og kontakt mellom dei som produserar maten og dei som ikkje gjer det? Korleis kan me redusere avstanden mellom jord og bord?

 

Viktig med møteplassar

Dette, med meir, vart diskutert då over 40 menneskje møttes på Den Andre Cafeen i Oslo søndag 29.april. Bønder, studentar, gartnarar, hagebrukarar og andre interesserte samlast for å diskutere utfordringar og løysinga med notida og framtidas økologiske og biodynamiske landbruk.

Nettverksbygging og informasjonsspreiing mellom gardar, og mellom gardar og menneska som utgjer marknaden, virka blant anna å vere viktige problemstillingar.

 

Ny samling i juni

Med gode samtalar og diskusjonar saman med herleg mat frå Den Andre Cafeen var det mange nye frø som vart sådd, og ei ny samling planleggast allereie til midten av juni på den biodynamiske garden Fokhol i Stange, Hedmark.

For dei som ikkje kan vente så lenge vil det vere eit nytt Det andre forum 2.juni, om økologisk økonomi og social banking. Det vil foregå på engelsk.

Følg med på biodynamisk.no og oikos.no

 

Tanken bak samlinga

"Møtet om unge biodynamiske og økologiske bønder er eit initiativ frå Biologisk-dynamisk Forening, i samarbeid med Det andre forumet. Vi ønskjer å skape ein møteplass for den komande generasjonen av bønder, lærlingar, lærarar, aktivistar og andre som er inspirert av biodynamisk og økologisk landbruk. Gjennom desse møta vil vi etablere en plattform for å dele kunnskap og inspirasjon, lære av kvarandre sine erfaringar og sjå på samarbeidsmoglegheiter.

Biologisk-dynamisk Forening ønskjer å bringe ungdom saman gjennom fleire kanalar for kommunikasjon, mellom anna gjennom nyheitsbrev, sosiale media, lokale, regionale og nasjonale arrangement og samankomster.

Spørsmål til diskusjon på første møte den 29.april vert mellom anna:

- Kva er vår motivasjon/ visjon som bønder?

- Kva utfordringar møter vi i kvardagen på garden?

- Kva faglege spørsmål har vi/ kvar kan vi få meir kompetanse?

- Kva eigeformer kan ein ha på gardane?" (Biodynamisk.no)

 

Annonsører

Samarbeidspartnere