Gartnarhallen får meir økologiske grønnsaker enn dei omset

11.08.2009
Nationen skriv 11.august at fleire økologiske grønnsaksprodusentar får levere langt færre produkt enn det dei kan produsere. Økologise gulerot selger svært godt og tilbys i de fleste butikker. Vanskeligere kan det ofte i være å finne andre økologiske grønnsaker og poteter i lavpris butikkene.

Bildet: Norske økologiske grønnsaker -butikkane kan ta inn meir enn dei gjer. 

Marknaden tek unna for lite.


Grønsakbonde Arild Hermansen må for tida selje 98 prosent av den økologiske skvåsjen sin som vanleg konvensjonell vare, fotel han til Nationen

- Skvåsj kunne me greitt dyrka 100 prosent økologisk i Noreg. Men då må folk endre kjøpevanane. Eg trur mange ryggar når dei ser øko-merket. Dei reknar med at dette sikkert er noko forferdeleg dyre greier. Det treng dei ikkje tenke om økologisk skvåsj i alle fall, seier Hermansen.

Bildet:  Her dyrker Bjarne Myrhaug økologiske agurker i Lier. 

Lagleg til for hogg

I vår meldte medlemene i Gartnerhallen inn ynskjer om å produsere til saman nær 1400 tonn økologisk potet og 180 tonn økologisk lauk. Dei fekk løyve til berre halvparten.

- Salet går trått. I fjor var det eit problem at me fekk overskot av både økologisk lauk, potet, tomat, skvåsj og salat, fortel informasjonssjef Tom Roterud i Gartnerhallen.

 

Her kan du lese heile opplslaget i Nationen

 

Behov for bedre marknadsføring 

- Om du profilerer økologisk frukt og grønt som ekstra bra, seier du samtidig at dei konvensjonelle varene ikkje er fullt så gode. Dette har dei store produsentlaga, grossistane og daglegvarekjedene vegra seg mot, fortel forskar Gunnar Vittersø ved Statens institutt for forbruksforskning (Sifo). Dette kjem også fram i Nationen 11.08.

Oikos er enig i Vittersøs si vurdering, seier dagleg leiar Reidar Andestad. I tillegg reagerer han på ein del markedsføring av konvensjonelle produkter som om dei skulle vere økologiske. Marknadsføringa av økologisk frukt og grønt må bli myke bedre.  Bama og andre må gjere jobben sin her.   Daglegvarehandelen bør bli flinkare til å både ha desse produkta og til å gjere dei synlege i butikk.  Bevisste forbrukarar som etterspør desse varene i butikkane er også viktig.

 

Må vere synleg

At ikkje økologisk mat har tatt meir av i Noreg, meiner han mest skuldast tilbod-sida.

- Me har sett at dei butikkane som har gjort økologiske varer meir synlege, har opplevd fin vekst i salet. Dei siste fire til fem åra har det skjedd ein god del på dette området, seier Vittersø.

 

Les intervjuet med Gunnar Vittersø i Nationen

 

Frukt og grønnsaker billigare i løpet av sommaren.

Prisen på frisk frukt og friske grønnsaker sank henholdsvis 8,2 prosent og 5,2 prosent frå juni til juli, og var ein viktig bidragsyter til at Konsumprisindeksen (KPI) falt 0,6 prosent i same periode.  Dette er tal frå Statistisk Sentralbyrå 10. august.

Annonsører

Samarbeidspartnere