Genmodifisering fører til avskoging og er inga løysing på klimaendringane

24.02.2010
Påstandane til bioteknologiindustrien om at genmodifiserte avlingar kan bekjempe klimaendringane er både overdrivne og grunnlause. Det er konklusjonen i rapporten "Who Benefits from GM Crops?" frå Friends of the Earth International. Den avslører at GM-avlingar faktisk kan auke karbonutsleppa og samstundes let vere å fø verda, skriv GENNYTT.

GMO-mais.  Foto: Friends of the Earth

 

Årsaka til dette er mellom anna at den enorme auken i bruk av plantevernmiddel i USA og Sør-Amerika, intensiverer bruken av fossilt brensel. Dyrking av GM-soya som dyrefôr er med på omfattande avskoging i Sør-Amerika.


Globalt utgjer genmodifiserte avlingar framleis mindre enn 3 prosent av landbruksarealet, og meir enn 99 prosent av dei går til dyrefôr og biodrivstoff i staden for mat.



I Europa har arealet med GMO gått ned for femte år på rad - ein reduksjon på meir enn 10 prosent sia 2008 - til mindre enn 0,05 prosent av samla jordbruksareal.


Last ned rapporten frå Friends of the Earth International:
http://www.foeeurope.org/press/2010/Feb23_new_report_GM_crops_failing_to_tackle_climate_change.html

 

Dette er ein av fleire gode saker om GMO i denne utgåven av GENNYTT, mellom anna ei sak om at Monsanto er avslørt frå innsida i India.

 

Er du interessert i eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no


GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Annonsører

Samarbeidspartnere