Genpotet på avvegar i Sverige

18.09.2010
Ei ulovleg, genmodifisert potet er på villspor i Norrbotten i Sverige. Funna er gjort i samband med dyrkingsfelta for ein annan GMO; stivelsespoteta Amflora, som tidlegare i år vart godkjend for kommersiell dyrking i EU, melder Gennytt. Dette viser kor vanskelig det er å sikre seg mot GMO-plantar og frø når ein først slepp dei til i naturen, seier Reidar Andestad i Oikos – Økologisk Norge. Skal ein bruke førevarprinsippet ein stad må det gjerast på dette området, seier han,

 Bildet er av ei potetplante og poteter frå Wikipedia

 

Armadea

Den ulovlege potetsorten har arbeidsnamnet Amadea. No vert det undersøkt korleis denne innblandinga kunne skje, og Jordbruksverket har gjeve Plant Science Sweden i oppdrag å finne og destruere alle avvikande plantar i Amfloraavlingane.

 

 

Tyske BASF står bak

Plant Science Sweden, eit dotterselskap under den tyske kjemigiganten BASF, kan ha blanda saman settepotet. EU-kommisjonen har bede BASF forklare korleis dette kan ha skjedd.

- Oppdaginga av forbodne GMO i Norrbotten visar at ein verken kankontrollere frø eller avlingar, trass garantiar om at dei skulle vere sikre,seier Akiko Frid, som arbeider med GMO-spørsmål i Greenpeace Sverige.

 

 

 GMO strid i EU

Den svenska regjeringa, med miljøminister Andreas Carlgren ogjordbruksminister Eskil Erlandsson i spissen, har aktivt jobba for å opne EU for dyrking av GMO, trass i at fleire av dei største jordbrukslanda i Europa vil forby det.

 

Denne saka er frå siste utgåve av Gennytt.  Sjå om Gennytt under Ren Mat.

 

Les meir i European voice her 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere