Global bidød knytta til genmodifiserte planter og sprøytemidler

12.06.2010
Få saker har blitt lest av så mange på Oikos.no som oppslaget vi hadde tidlegare om at ein tredjedel av biene var i ferd med å dø i mange land. Dette er ein stor trussel for matproduksjonen. Nå informerer Gennytt om mogleg samanheng mellom genmodifiserte plantar og den globale bidøden samtidig som Soil Association i England har oppdaga at mange hageprodukt fører til bidød.
- Oikos - Økologisk Norge meiner at denne kunnskapen må føre til nye avgrensningar på kjemisk sprøytemiddelbruk her i landet, seier dagleg leiar Reidar Andestad.

Genmodifiserte plantar som produserer insektgift kan vere ein medverkande årsak til den verdsomspennande bidøden, meiner Madeleine Chagnon, biolog og spesialist innan bi-forsking ved Universitetet i Québec/Montréal. Slik gift kan svekke biene og gjere dei mindre motstandsdyktige, meiner ho.

For fjerde år på rad har ein tredel av nordamerikanske bier døydd. Forskarane veit ikkje årsaka til den massive bidøden, men reknar med at bruk av sprøytemiddel er ein av hovudgrunnane, skriv både The Guardian og Le Devoir (fransk).

 

Sprøytemiddel til hagebruk drep bier

Soil Association i England har undersøkt kjemikalier til hagebruk til sals i daglegvare- og jernvarebutikkar samt hagesenter. Ei gruppe sprøytemidler mot insekter (insekticider), kalla neonikotinoider, har blitt knytta til den dramatiske reduksjonen i antal honningbier som har vist seg dei siste åra. Neonikotinoider er i bruk i Norge. Denne gruppa sprøytemidler vart fyrst brukte i landbruket midt på 90-talet, men har blitt suspendert eller forbudt i fleire europeiske land som Frankrike, Tyskland, Italia og Slovenia. Sidan britiske myndigheiter ikkje har gjort noko med saka, har Soil Association bede sprøytemiddelprodusentane om å trekkje allle produkta som inneheld neonikotinoider.

 

Sidan det er FNs biodiversitetsår, ber Soil Association om at ein bør gjere ein enkel ting for å bevare biodiversitet, å boikotte neonikotinoider.  Ei samling produkt ein bør unngå i hagen kan ein finne her.  Hagebrukarar kan også hjelpe biene ved å bruke økologiske hageteknikkar, ha stor variasjon i ulike planter i hagen og ikkje vere for ryddig – ville blomstrande planter er perfekt mat for bier og eføy er ei spesielt god kilde om vinteren. Hagebrukarar kan også vurdere birøkt, Norges Birøktarlag held kurs i økologisk birøkt.

Høg bidød er eit verdsomspennande fenomen. I England åleine har birøktarar rapportert om gjennomsnittleg tap på 17.7 % i 2009/10. I Norge er det heldigvis ikkje så ille ennå, men Birøktarlaget er redde for at fenomenent kan breie seg hit om ikkje lenge (sjå meir i linken nederst frå vårt forrige oppslag om denne saka).

Vil ha forbud mot neonikotinoider

Sjølv om det ikkje fins nokon enkel grunn til den dramatiske nedgongen i bier, som er dei vikitgaste pollinatorane, vert det knytta til industrilandbruket. Det har vore ein sterk nedgong i områder med ville blomster og andre bievenlege plassar. Fleire forskingsrapportar viser at det er større biodiversitet på økologiske garder. Den britiske regjeringas eigne rådgjevarar har funne ut at plante-, insekt- og fugleliv er opp til 50% høgare på økogarder. Soil Association vil difor ha eit forbud mot neonikotinoider og har samla 20 000 underskrifter som er blitt sendt til den nye britiske regjeringa. - Det burde leggjast mykje meir vekt på føre-var prinsippet når det gjeld godkjenning og bruk av sprøytemidler, seier Reidar Andestad, dagleg leiar i Oikos - Økologisk Norge. Det har vist seg utallige gonger at godkjente spøytemidler har uventa negative effektar for både menneske, miljø og biodiversitet, vi støttar difor kravet frå Soil Association og ber om at neonikotinoider vert fjerna frå marknaden også i Norge, avsluttar Andestad.

 

Oppslaget hos Soil Association

Artikkelen i The Guardian

Her finner du forrige oppslag om bidøden på Oikos.no

Meir interessant å lese om bier på forskning.no

Annonsører

Samarbeidspartnere