GM-bomull i Kina gjev insektinvasjon

21.05.2010
Kinesiske agronomar har for første gong dokumentert at store areal med plantar som er genmodifiserte for å produsere ei insektgift , fører til invasjon av skadeinsekt. I seks provinsar i det nordlege Kina har ein sett ein slik reaksjon når ein konvensjonell kultur vert erstatta av ein genmodifisert, skriv den franske avisa le Monde, og viser til ein artikkel 14. mai i tidsskriftet Science, skriver siste Gennytt.

 GMO-bomull skulle løyse problem i Kina. No skapar det langt større problem, fortel Gennytt. Foto: Oikos.

 

I denne delen av Kina er 30 millionar dekar, tre gonger jordbruksarealet i Noreg, tilsådd med ein genmodifisert bomullssort som produserer insektgifta Bt. Den verkar så godt mot eitt skadeinsekt, at den har opna ei nisje i økosystemet som andre insekt no har fylt, viser undersøkinga som har gått over ti år.

 

Ti millionar småbønder, 260 millionar dekar, og kulturar som druer, eple, pærer og fersken, er no ramma av desse skadeinsekta.

 

Kilde:

http://www.lemonde.fr/planete/article/2010/05/14/en-chine-un-coton-transgenique-provoque-une-infestation-imprevue-de-punaises_1351551_3244.html

 

Saka over er klipt inn frå siste utgåve av Gennytt.  Sjå meir om Gennytt under Ren Mat på Oikos-siden. 

Annonsører

Samarbeidspartnere