GMO har gjeve minimal avlingsauke

24.08.2009
Genmodifisert mais løner seg berre ved store insektangrep, noko som skjer ein gong kvart fjerde til åttande år. Økologisk eller tilnærma økologisk dyrking gjev jamt over større avlingsauke enn GMO, er konklusjonen i den ferske rapporten Failure to Yield - Evaluating the Performance of Genetically Engineered Crops (2009). Her er GMO's bidrag til landbruket evaluert etter 20 år med feltforsøk og 13 år med produksjon.

Basert på tusener av feltforsøk

 The Union of Concerned Scientist står bak rapporten, som er basert på resultat frå tusenvis av feltforsøk og kommersiell dyrking. Konklusjonen er at GMO har hatt lite å seie for produksjonsauken. Økologiske produksjon er eit betre alternativ for rask og kraftig auke av matproduksjon i område med ustabil mattryggleik og for framtidsretta, bærekraftig drift generelt.

 

Sia 90- talet, då GM-vekstar kom på marknaden, har avlingar i fleire kulturar auka kraftig.

 

Mais og produksjonsvolum

Tal frå US Department of Agriculture indikerer m.a. at snittproduksjon av mais per mål dei siste fem åra var 28 prosent høgare enn i perioden 1991-95. Tradisjonell foredling og betra jordbrukspraksis står for nærare 25 av disse prosenta, genmais for mellom tre og fire prosent - desse skuldast reduserte avlingstap ved sterke insektangrep, ikkje auka avlingar i seg sjølv. Fordelt over dei 13 åra Bt - mais har vært dyrka kommersielt, utgjer snitt avlingsgevinst ikkje meir enn 0,2 - 0,3 prosent per år. Auka avling ved hjelp av tradisjonelle metodar ligg til samanlikning i snitt på kring 1 prosent per år.

 

Kritiserer forskningsmetodikk

Forfattarane av rapporten stiller seg kritiske til samanlikningsverdien av forsøksmetodikk brukt i fleire forsøk der GMO har kome bra ut, og drøftar uklare forhold i forsøksmetodikk og resultatframstilling i fleire forsøk. 

Rapporten meiner kraftig avlingsauke innan matproduksjon kan skje raskast og billegast ved å ta i bruk agro-økologiske metodar, og viser til ein studie av 114 forskingsprosjekt i Afrika som gav ei gjennomsnitts avlingsauke på 116 prosent etter omlegging til økologiske og tilnærma økologiske metodar. 

 

Mer informasjon

Denne saka er henta frå siste nummer Gennytt nr 12, utgitt 24.august

 

Sjå link til Gennytt under Ren Mat på Oikossiden.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere