GMO-kjøt i Danmark

19.10.2010
Danmark: Forbrukarane vert lurt. Danskane et gen-kjøt utan at dei veit det. Femten millionar danske svin, fire millionar verpande høner og mesteparten av alt storfe og mjølkekyr veks i dag opp på genmodifisert soya eller mais dyrka i utlandet, skriv Politiken.
-Dette viser problema som fins for å sikre kvalitet på kjøt, skikkeleg merking av mat og forbrukertillit til mat, seier Reidar Andestad i Oikos - Økologisk Norge.

Biletet viser soyabønner i vekst.  Mykje av soyaavlingane i verda er genmodifisert.  Soya er sentralt i fôret som vert brukt i kjøttproduksjon og ein stor del av dette er igjen GMO. 

 

Mykje GMO-kjøt i Danmark

Danske kjølediskar bognar med kjøt, mjølk og egg, som stammar frå dyr som har ete GMO-fôr. Men danskane veit det ikkje, for ingenting er merka. Ei ny undersøking frå FDB Analyse viser at sju av ti ikkje veit at danske husdyr ét GMO-fôr. Det danske Forbrugerrådet meiner at dette ikkje held mål, skriv Gennytt.

 

- Reglane for merking må endrast, seier avdelingssjef Mette Boye . Fire av fem danskar forventar at det står på produktet dersom det er brukt GMO-fôr i produksjonen.

 

http://www.dr.dk/Nyheder/Indland/2010/10/08/230252.htm

Folk har krav på å vite om kjøtet dei et inneheld GMO, meiner også SF og Socialdemokraterne, som også vil innføre GMO-merking.

 

- I dag er einaste måten å unngå GMO å kjøpe økologisk, og det er langt frå nok. Det er ikkje forbrukarane som ynskjer GMO-produkt, det er eine og åleine industrien. Difor må det bli mogleg for forbrukarane å velje det bort, seier forbrukartalskvinne i SF, Pia Olsen Dyhr .

http://www.dr.dk/Nyheder/Politik/2010/10/09/124513.htm

 

Danmark: Genmodifisert korn kan minske ureining

Ein dansk forskar har genmodifisert kveite og bygg, slik at fosforinnhaldet lettare kan takast opp i svin og kyllingar og dermed minskar oksygenmangel til vatn og vassdrag. Samstundes tek ein vare på den knappe ressursen som fosfor er, melder Gennytt.

- Dette løyser problemet med at dyra ikkje tek opp i seg fosforet i fôret, slik at det i staden endar i gylla og dermed i miljøet, seier seniorforskar Henrik Brinch-Pedersen frå Det Jordbrugsvidenskabelige Fakultet på Aarhus Universitet, som står bak dei nye GMO-ane.

Danmarks Naturfredningsforening er svært uroa over ureininga frå landbruket. Likevel er foreninga ikkje begeistra for GMO-kornet. Om ein først tillet ein type GMO, vil ein ikkje kunne seie nei til andre.
http://ing.dk/artikel/113025-genmodificeret-korn-kan-mindske-iltsvind

 

Sakene over er henta frå siste nummer av Gennytt.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.

GENNYTT vert og lagt ut her: imap://reidar@mail.oikos.no:143/www.oikos.no/renmat

Annonsører

Samarbeidspartnere