GMO-maisåkrar vert slagmarker i USA

09.04.2010
Storstilt dyrking av genmodifisert mais er årsaka til ei eksplosiv spreiing av skadedyret Western Bean Bullworm (Loxagrotis albicosta Smith) i USA. Larva meskar seg med maiskolbetuppen, og det er rapportert massive skadar frå dei regionane der MON810 vert dyrka i stor skala. På ein internasjonal konferanse i Bremen nyleg, presenterte Testbiotech drastiske tal over situasjonen, skriv Gennytt.

Bilete frå mais-produksjon.

 

 Fleire rapportar

- Fleire rapportar viser at skaden aukar frå år til år, forklarer Christoph Then, administrerande direktør for Testbiotech og forfattar av rapporten. Men bøndene har fått lite informasjon om årsakane.

 

- Dei agrokjemiske selskapa er i staden interessert i å nytte høvet til å selje andre genmodifiserte maistypar og svært giftige insektmiddel, seier Then.

 

http://www.testbiotech.org/en/node/356

Samstundes melder amerikanske økobønder om stadig større ureining i sine maisåkrar av GMO. Ein tredel av økomaisen testar positivt på GMO, førebels på eit lågt nivå, men det er nok til å hindre bøndene i å kunne selje den som økologisk.

 

http://www.non-gmoreport.com/articles/apr10/organicfarmers_gmocontamination.php

 

EU: Rolleblanding?

Fleire europeiske organisasjonar, mellom anna Testbiotech og Friends of the Earth, sett spørsmålsteikn ved rollebytet til Suzy Renchens, leiar av GMO-gruppa i det europeiske mattilsynet frå 2003 -2008. Ho er no tilsett i GMO-selskapet Syngenta, med ansvar for lobbyverksemd retta mot EU.

 

http://www.agoravox.fr/actualites/environnement/article/bruxelles-complaisant-avec-les-ogm-71822

Informasjonen over er henta frå siste utgåve av Gennytt.  Sjå meir om Gennytt under Ren Mat på Oikos-siden.

Annonsører

Samarbeidspartnere