GMO og matallergi

01.04.2011

 

 Vi skal høyre på fagfolk blir det sagt. 

 

 

I Verdibørsen på NRK 23.04.11 seier professor i planteforedling ved UMB, Ås,  Åsmund Bjørnstad  at 70 % av all soya og bomull som blir sådd i verden og 30 % av mais no er genmodifisert.  I USA 95-99% GMO av desse tre sortane. 

 

Det ser ikkje ut for at dette har skapt enorme problem  seier professor Åsmund Bjørnstad.  Det er derfor noko med oppfatninga hos GMO-skeptikarane som ikkje er rimeleg seier Bjørnstad.  No må vi aktivt ta i bruk GMO for å auke matproduksjonen, hevder han.

 

Norges mest dekorerte professor - Per Brandtzæg - professor i medisin ved Institutt for patologi ved Universitetet i Oslo  -  seier i foredraget "Hvorfor er matallergi et økende problem?" på P2-akademiet 28.11.09 det motsatte. 

 

Samtidig med at den enorme allergiauken har kome i USA og Australia så har arealet med GMO-modifisert mais og soya auka til over 90%. Foringsforsøk med dyr viser at tarmveggen hos dyr skades av GMO-modifisert mat.  Meir forsøk må til for å svare på kva som er alle grunnane til den enorme auken i matallergi vi har fått dei siste 10-åra.  Men mye tyder på at GMO-modifisert mat kan ha ein rolle i dette bildet antyder Brandtzæg.

 

Vi skal høyre på fagfolk, men kven av dei?

 

Jakob Bjerkem

Styreleiar Oikos - Økologisk Norge

 

Dette innlegget er publisert 27.04.2011

Annonsører

Samarbeidspartnere