Grøstad gris vart årets økoleverandør

26.08.2011
- Dette var moro, seier dagleg leiar ved Grøstad gris, Hans Runar Knapstad. Firmaet fekk leverandørpris på årets daglegvaredag under Matfestivalen i Ålesund. Det er sjuande året på rad at "Årets leverandør av økologiske produkt" blir kåra. – Grøstad gris går vesentleg lengre i dyrevelferd enn det som er minstereglane for økologiske drift, dei satsar berre på gris som går ute heile året, på det som vert kalla frilandsgris. Grøstad Gris har stått på over mange år og har vært en god pioner innan økologisk kjøttproduksjon, vi gratulerer med ein velfortjent pris, seier Reidar Andestad i Oikos – Økologisk Norge.

Spesialproduksjon

I grunngjevinga til juryen heiter det: "Grøstad gris AS driv spesialproduksjon av
økologisk frilandsgris, og er i sterk vekst. Dei driv på dyra sine premissar.
Dyrevelferd, kvalitet og rein økologisk mat er overordna krav i produksjonen.
Prisvinnaren arbeider kontinuerleg med utvikling. Dei er aktive i profilering av
økologisk mat og har Ø-merket godt synleg på produkta."

 

 

10 tilsette

Hans Runar driv verksemda saman med kona Gry Beate Knapstad og ti tilsette. Dei driv
sjølv med gris på garden, men tek imot gris frå tre andre gardar også. Grøstad ligg
i Re kommune i Vestfold.

 

Steg inn i framtida

- Vi har ein omsetningsauke på 13 % hittil i år fortel Hans Runar Knapstad.
- Salet aukar stadig, men økomarknaden veks sakte. Vi held sterkt fokus på smak og
dyrevelferd, og er i ferd med å samle produksjonen på ein stad.

 

- Frå å produsere på fire ulike stader, planlegg vi no å bygge eit nytt
produksjonsanlegg på garden. Det vil vere på 1500 m2, og der vil vi også ta imot
kjøt frå kalv og storfé frå ein bestemte rase. Vi har ennå ikkje bestemt kva for
rase vi vil satse på, men reknar med å teikne kontrakt med rundt 15 - 20 bønder.
Dette gjer vi for å ta eit steg inn i framtida, seier Hans Runar Knapstad.

 

Kafe kommer

Dei har nyleg selt pølsemakeriet, for å samle alt på ein stad.
- Vi vil også opne ein kafé og ein butikk på garden. Da vil folk kunne sjå
korleis grisen har det, og vere trygge på at det dei får frå oss er ekte. Vi tror
denne reklameeffekten vil gi meir sal i de butikkene vi leverer til.
Vi satsar på å opne butikk og kafé i 2012, seier Knapstad.
Grisene på Grøstad gard har ekstra uteareal, slik at dei alltid kan gå på grønt
gras. På det viset har ein gått litt lenger enn det regelverket for økologisk
produksjon krev.

 

Leverer til dei beste butikkane

- Smak, dyrevelferd og økologisk er det vi satsar på, seier Hans Runar Knapstad, som
er glad for å bli sett pris på.
Grøstad gris AS leverer i dag økologiske produkt til Jacobs, Centra, Ultra, Meny,
ICA, Coop og i spesialforretningar, catering og hotell.

 

Juryen

Juryen har i år bestått av representantar frå Debio, Bioforsk Økologisk, St. Olavs
Hospital, og frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Oikos - Økologisk Norge og blir finansiert av Statens Landbruksforvaltning. Dei vurderte 15 kandidatar til årets pris. Sjølve prisen er
eit litografi av kunstnaren Runi Langum. Litografiet heiter "Møte med mot", og skal
få ein fin plass til inspirasjon for alle på Grøstad gård i Vestfold.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere