Heia Finland!

30.10.2012
Både økologisk forbruk og produksjon stiger kraftig i Finland. Så langt i 2012 har 365 nye økogårdar blitt registrert, meir enn noko anna år på 2000-talet.










Rekordauke i Finland

Arealet har auka til cirka 205 000 hektar og utgjer no 9 prosent av det totale jordbruksarealet. Det nasjonale målet ligg på 20 prosent innan år 2020, altså 5 prosent over den norske regjeringas mål.


Bakeri er best

Antalet foredlingsbedrifter som er sertifiserte for økologisk produksjon har auka med 20 prosent i 2012. Dei fleste er i bakeribransjen. - I Norge har vi også gode bakeri , seier fungerande dagleg leiar i Oikos, Maiken P. Sele. - Godt Brød (Oslo, Bergen Stavanger og Trondheim), Kolonihagen bakeri (Oslo) og Jakobs (Stavanger) er nokre heiløkologiske eksempel.

 

nær 50 prosent auke i øko-forbruk

Også økologisk forbruk viser rekordtal. I 2011 auka salet av økovarer med 46 prosent, og i 2012 har salet auka med 23 prosent frå januar til juni. Verdien på det økologiske dagligvaremarkedet ligg på cirka 1,2 milliardar.

 

Kjelde: Ekoweb.

Annonsører

Samarbeidspartnere