Inspirasjonsseminar om økologisk landbruk i Romsdal

04.03.2010
Den 11. mars vert det seminar om økologisk landbruk på Gjermundnes vidaregåande skule i Møre og Romsdal. Ein økologirådgjevar og Tine vil legge fram økonomital og ein økobonde vil dele sine erfaringar. Seminaret er eit samarbeid mellom Oikos, Økoløft i Gjemnes, Tingvoll og Vestnes og Landbruksrådgiving Nordvest.

Målgruppa for seminaret er gardbrukarar. Er du nysgjerrig på kva økologisk landbruk er, og korleis ein driv moderne produksjon på økologisk vis, er dette seminaret for deg! TINE vil informere generelt om økologisk mjølkeproduksjon, Bioforsk Økologisk skal snakke om kvalitetar i jorda som kan påverke avlinga, og Landbruk Nordvest skal fortelje meir om korleis ein kan gå fram for å finne ut om økologisk landbruk er noko for din gard.

I begge Trøndelagsfylka har omlegging til økologisk landbruk slått til for fullt. Dei ligg på landstoppen når det gjeld økologisk areal og det er stadig fleire bønder som legg om drifta. Kva er det som gjer at trønderane legg om til økologisk produksjon, og greier dei å oppretthalde produksjonen? Noko av dette vil Sivert Arne Selvli, ein moderne økobonde frå Agdenes, gje svar på, han skal fortelje om sine erfaringar som økobonde.

Tid: torsdag 11. mars kl 11-1500 (inkl. lunsj)

Program

Kl 1100 Lunsj
Kl 1130 Velkomen v/ rektor Aadne Haarr, Gjermundnes vidaregåande skule
Kl 1140  Livet i jorda som produksjonsfaktor v/forskar Reidun Pommeresche, Bioforsk Økologisk
Kl 1220  Økologisk mjølkeproduksjon v/ rådgjevar Anitra Lindås, TINE
Kl 1315 Mine erfaringar som økobonde v/ økobonde Sivert Arne Selvli, Agdenes
Kl 1415 Kven kan hjelpe meg vidare? v/ rådgjevar Maud Grøtta, Landbruk Nordvest 


Arrangørar
Oikos Midt-Norge, prosjekt "Auka økologisk mjølkeproduksjon i Møre og Romsdal", prosjekt "Økoløft i Gjemnes, Tingvoll og Vestnes", Gjermundnes vidaregåande skule og Landbruk Nordvest

Kontaktpersoner
Liv Solemdal, liv.solemdal@bioforsk.no, tlf 404 80 836

Jakob Bjerkem, jakob@bjerkem.com, tlf 959 93 569

Oikos Midt-Norge held fram med årsmøte kl 1600.


Lenke
>> http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=1575&amid=3098854

 

Annonsører

Samarbeidspartnere