Interessa for økologisk mat aukar

10.05.2013
Interessa for økologisk mat, utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel, aukar internasjonalt. Denne utviklinga er tydeleg også i Noreg. Økologisk jordbruk inngår i den generelle satsinga på miljø, og forbrukaranes interesse for ø-merka mat er stadig større. Dette kan vi lese i ein artikkel om økologisk mat i årets andre utgave av SSBs Samfunnsspeilet.

Auke i økosalet

Stadig meir økologisk mat blir selt i Noreg. I 2012 var det ein samla omsetnad av økolgiske matvarer på om lag 1,45 milliardar kroner, ein auke på 17 prosent frå året før. Sidan 2006 har omsetnaden i daglegvarehandelen auka med 142 prosent. Når det gjeld produksjon ligg Noreg på sisteplass samanlikna med dei andre nordiske landa. Berre 3,5 prosent av mjølka og 0,9 prosent av kjøttet var økologisk i 2012.

Potensiale for å auke produksjonen

I artikkelen gir forfattarane Anne Snellingen Bye og Anne Ingun Løvberget ei kort forklaring på kva som ligg i omgrepet økologisk landbruk, før dei gir ei god statusoppdatering både innan omsetnad i marknaden og i den økologiske matproduksjonen i Noreg. Trass i nedgong i enkelte produksjonar aukar forbruket innanfor dei fleste varegrupper både i dagligvarehandelen og i andre salkanalar som Bondens marked, abonnementsordninger, bakeri og liknande.

- Denne auka visar eit tydelig potensiale for vekst også innan landbruksproduksjonen. Det seier seniorrådgjevar i Oikos - Økologisk Norge, Maiken P. Sele. Slik artikkelen visar er det særskilt meieriprodukt og grønsaker som utpeikar seg i salstala, seier ho og kjem med ei oppfordring til å satse innan norsk økologisk landbruksproduksjon.

Les heile artikkelen her

Annonsører

Samarbeidspartnere