Ja vi elskar økologisk is!

16.05.2013
Ikkje berre på 17.mai, men heile året! ....og pølser og ost og egg, lista kan vere uendeleg. Her får du tips til korleis din 17.mai kan smake litt betre!

Pølser og is er for mange obligatorisk på 17.mai, og du kan fylle magen din med nydelige pølser frå Grøstad gris, fløyelsmjuk is frå Isrosa og mykje anna herlig mat. Oikos - Økologisk Norge gjev deg tips til korleis din 17.mai kan smake litt betre. Me veit at ikkje alle butikkar har like godt utval av økologiske produkt, men nokre produkt på bordet er ein god start!

Norgesflagget på skiva

Dovreost Tine 2

Eit godt ostefat passar også til denne dagen, og ost frå Den Blinde ku er verdt å prøve. Med blåbær- og jordbærsyltetøy frå I love eco eller COOP Änglamark og ein dæsj Cottage Cheese frå Rørosmeieriet, får du eit smaksrikt Noregsflagg på skiva di! Den magre proteinbomba Skjørost frå Rørosmeieriet, lillesøstera til Cottage Cheese, finst blant anna i Meny- og COOP-butikkar. Økologisk variant av Norvegia og Brie finn du i fleire vanlege butikkar, mens meir eksklusive ostar ligg og freistar i litt mindre ostebutikkar.

Norgården  fårepølse

Brød og egg må til på frukostbordet. Egg finn du i alle butikkar, og økologiske variantar av brød fins både på Godt Brød og i fleire dagligvarebutikkar rundt om i landet. Heimebaka brød med økologisk mjøl er sjølvsagt det beste, kjøp mel frå for eksempel Holli Mølle! Pålegg til skiva må me også ha, og Norgårdens fårepølse kan anbefalast - heilt utan smaks- og fargestoff! Den finn du på både Rema 1000, COOP og mange andre butikkar.


Heller Ø enn E-is

Isrosa sjokoladeis

Isrosa lager økologisk iskrem og fruktis som du finn blant anna på Økologiske dagligvarer i Stavanger, Ganegodt i Haugesund, Røtter og Life Helios i Oslo og Reindyrka i Bergen!

Mange vil likevel seie at den beste isen å servere gjestene, er den du har laga sjølve. Med litt egg, fløte, sukker og alt du vil ha oppi av bær, nøtter og sjokolade, får du akkurat den isen du sjølv (og gjestene dine) vil ha!

Her finn du fleire tips til økologisk iskrem og oppskrifter på heimelaga iskrem.


Til grillfesten

Wiener grøstad

Det fins mykje å velje mellom til grillfesten. Smakfull hamburger frå Røroskjøtt er å finne i fleire Remabutikkar, og Grøstad kan by på herlige pølser i mange versjonar! Grønnsaker til salat og grillspyd finn du sjølvsagt også i butikken.

Finn Grøstad-produkter nær deg


Sprudlande 17.mai

For mange er champagne eller musserende vin ein sprudlande del av 17.mai. Kjøpar du økologisk, får du vin laga på druer dyrka utan bruk av sprøytemidler eller kunstgjødsel, og nokre hevdar også at dei får mindre vondt i hodet dagen derpå! Her finn du tips til økologisk musserende.

Vinmonopolet har eit godt utval av økologiske vinar, både med og utan sprudling. Dei som jobber på vinmonopolet har ofte mykje kunnskap om økovinar. Spør dei når du handler inn til 17.mai! Til grillfesten kan me også anbefale økologisk øl som du finn både på polet og i matbutikkar.


Pynt deg med økoklær

For deg som ikkje kler deg opp i bunad, kan Oikos glede deg med at finklær i økologisk bomull er lettare å få tak i enn du trur. Med økoklær gjev du arbeidarane reine arbeidsvilkår kor dei slepp å bli utsatt for giftige sprøytemidler. Vi har laga ei oversikt over kor du får tak i økoklær!

Les også Økologiske klær - ja takk!

Det finst sjølvsagt mange fleire produkt i marknaden, men for enkelthets skuld har me framheva eit lite utval. Sjå også alle våre økoguider for ulike deler av landet.

Oikos - Økologisk Norge ønskjer alle ein smakfull 17.mai! Gratulerar med dagen!

Annonsører

Samarbeidspartnere