Johan Galtung til Lillehammer 13.-14. august

10.08.2011
Laurdag og søndag er det klart for årets første Økologisk gårdsmarked og på søndagen kjem Johan Galtung og Jon Schau til dialog om "Fred i et nøtteskall". Det blir også fleire andre spanande foredrag, brødbakekurs, vinsmaking og sjølvsagt mykje herlig økologisk mat på Øire gård på Lillehammer i helga.


Johan Galtung og Jon Schau om fred

Johan Galtung og Jon Schau kjem til Øire gård i Lillehammer søndag 14. august for å samtale om "Fred i et nøtteskall". Eit evigvarande aktuelt tema, men kanskje ekstra aktuel etter dei grusomme hendingane me har oppleve i Noreg den siste tida. 

 

Her finn du fullstendig program, Jon Magne Holten og Maiken Pollestad Sele frå Oikos - Økologisk Norge skal og halde foredrag om økologisk landbruk og - bomull/tekstil.


Økologisk gårdsmarked - meir enn foredrag

Det er ikkje berre foredrag ein kan oppleve den komande helga i Lillehammer. Det blir økologisk vinsmaking, bollebaking i vedovn, brødbakst med gamle kornsortar, servering av økologisk mat og drikke, aktivitetar for born og mykje anna spanande.

 

Les meir på facebook!


Økologisk gårdsmarked 2011

Oikos - Økologisk Norge har, i samarbeid med lokale arrangørar og bønder, den siste tida arbeida aktivt for at økologiske gardar skal opne portane og vise fram det dei driv med. Me vil at fleire skal få ta del i og oppleve det reine og gode landbruket på nært hald. Økologisk gårdsmarked er eit arrangement kor økologiske garder som er i drift opnast opp for publikum ein dag på slutten av sumaren, for at folk skal kunne få eit lite innblikk i korleis økologisk mat vert produsert.

 

Sjå på facebook eller oikos.no og finn eit Økologisk gårdsmarked nær deg!

 

Velkomen til øko-landet!

Ta med familie og venner for ein smak av økologisk mat og landbruk! Det blir aktivitetar for barn og vaksne, økologiske smakebiter og andre sanselege opplevelser!

 

Annonsører

Samarbeidspartnere